Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren har byråmøte i FNs miljøforsamling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stad: Digitalt møte

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn har byråmøte i FNs miljøforsamling - UNEA.

Den norske klima- og miljøminsteren har vervet som president for FN si miljøforsamling. Han skal leie komiteen som førebur miljømøtet i Nairobi i 2021.

Miljøforsamlinga er det øvste organet i FN for miljø. Samlinga i Nairobi i februar 2021 vil være den femte i rekkja og har difor fått FN-forkortinga UNEA-5.

Eit overordna tema for UNEA-5 vart bestemd i desember 2019, og handlar om styrka innsats for å bevare naturen og nå berekraftsmåla ("Strengthening Actions for Nature to Achieve the Sustainable Development Goals"). Klima- og miljøministeren vil ha ein særskild rolle i den internasjonale dialogen fram til miljøforsamlinga som finn stad i februar 2021. Ein sentral del av presidentoppgåva vil vere å leie arbeidet med ei politisk erklæring som medlemslanda skal vedta.