Historisk arkiv

Klima- og miljøvernministeren til klimaforhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft deltek neste veke på klimaforhandlingane i Warszawa i Polen. Dette blir viktige forhandlingar for å få på plass ei ny global klimaavtale i Paris i 2015.

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft deltek neste veke på klimaforhandlingane i Warszawa i Polen. Dette blir viktige forhandlingar for å få på plass ei ny global klimaavtale i Paris i 2015.

Sundtoft kjem til Polen måndag 18.november. Det fyrste ho skal gjere er å delta på eit sidearrangement som Noreg held om sokalla kortliva klimagassar, som sot frå brenselomner. Tysdag er det mellom anna ministermøte om ein ny klimaøkonomi, der mellom andre Storbritannia, Etiopa og Sør-Korea deltek

Utover dette har Sundtoft ei rekkje bilaterale møte med ministre, frå blant anna Brasil og Peru om det norske prosjektet om å ta vare på regnskogen. I tillegg er det planar om å møte India, Sør-Afrika og Bangladesh bilateralt i løpet av veka. Utover dette skal Sundtoft delta i forhandlingane som pågår heile veka.

For fullt program for klima- og miljøvernminister Tine Sundoft, kontakt ansvarleg for pressa; Kommunikasjonssjef Jon Berg, tlf 90569495