Klima- og miljøministeren opnar miljøvennleg kunstgrasbane i Oslo

Adresse: Enebakkveien 421, , 1291 Oslo

Sted: Klemetsrud idrettspark

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) opnar ein av landets første miljøvennlege kunsgrasbanar på Klemetsrud i Oslo. Statsråden opnar banen og sparkar i gang kampen mellom Klemetsrud IL og Langhus gutar 10 år.

Utslepp av mikroplast frå kunstgrasbanar er eit stort miljøproblem. 

I Noreg endar meir enn 1500 tonn gummigranulat frå kunstgrasbanar i naturen kvart år.

I sommar fekk Noreg på plass eit nytt regelverk som skal redusere denne forureininga med 90 prosent.

Kunstgrasbanen som statsråden opnar i dag er laga med bruk av miljøvennleg kokos og er utan mikrogranulat i plast.