Historisk arkiv

Klimagassutsleppa fortsett å falle i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klimagassutsleppa i Noreg gjekk ned med 3,1 prosent i 2019 viser dei endelege tala frå Statistisk sentralbyrå. Utsleppa i 2019 var dermed på 50,6 millionar tonn. Dette er dei lågaste utsleppa Noreg har hatt sidan 1993, og ein nedgang på 1,7 prosent frå 1990.

Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser dei endelege tala for klimagassutslepp i Noreg for 2019. Dei førebelse tala som vart publisert i juni, viste utslepp på 50,3 millionar tonn.

– Vi har no hatt nedgåande utsleppstal fire år på rad. Dette viser at regjeringa sin klimapolitikk fungerer, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Det endelege utsleppstalet for Noreg i 2019 er 0,3 millionar tonn høgare enn det førebelse talet som vart publisert i juni i år. Aukinga er forårsaka av tekniske justeringar, og inneber ikkje endringar i det store biletet. Justeringa skuldast mellom anna at SSB har korrigert talgrunnlaget for HFK-gassar og luftfart. 

– Regjeringa jobbar med å få ned utsleppa i alle sektorar. Vi støttar bruken av teknologi som kan gi meir miljøvennleg transport og alternative drivstoff, vi har nyleg løyvd 2,7 milliardar kroner til fangst, transport og lagring av CO2, og vi har ei betydeleg satsing på klimaforsking og innovasjon. I løpet av året legg regjeringa fram sin plan for korleis vi skal få klimagassutsleppa ytterlegare ned fram mot 2030, seier Rotevatn.

Utsleppa i Noreg sokk med 1,6 prosent i 2017 og 0,1 prosent i 2018. Nedgangen i 2019 skuldast i stor grad nedgang i utsleppa frå vegtrafikken. Salet av bensin og autodiesel gjekk ned, samstundes som bruken av biodrivstoff auka.

– Vi bruker mykje pengar på å støtte løysingar for null- og lågutslepp. Det gjer vi til dømes gjennom Enova, Klimasats, Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Regjeringa har nesten dobla løyvinga til Enova sidan 2013, til 3,2 milliardar i år. Regjeringa har i tillegg løyvd 2 milliardar kroner til Enova som ein del av ein grøn omstillingspakke, seier Rotevatn.