Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017:

Kollektivtransport - utvida ordningar for brukarar med særlege behov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Gjennom investeringar i infrastruktur ønskjer vi å gi betre mobilitet til alle i samfunnet. God infrastruktur vil føre til at flest mogleg skal kunne ta del i arbeidsliv, skule og sosiale aktivitetar. Det er viktig infrastrukturen òg er lagt til rette for brukarar med særlege behov. I tråd med regjeringa sitt mål om betre velferd for alle, er universell utforming og TT-ordninga viktige element i transportsektoren, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Ordninga med transport som er lagt til rette for funksjonshemma (TT-ordninga), er ein del av ansvaret fylkeskommunane har for lokal kollektivtransport. Med bakgrunn i ei forsøksordning blei det frå andre halvår i 2016 etablert ei utvida TT-ordning til brukarar med særlege behov. Fire fylkeskommunar deltar med øyremerka løyving frå staten.

Regjeringa foreslår no å løyve 45,2 millionar kroner til å vidareføre denne ordninga i 2017. Den utvida TT-ordninga gjeld rullestolbrukarar og blinde/svaksynte.

Alle fylkeskommunane og Oslo kommune blei inviterte til å delta i ordninga. Nord-Trøndelag, Østfold og Møre og Romsdal har deltatt sidan 2012. Etter utvidinga av ordninga i 2016 fekk òg Aust-Agder tildelt midlar.

- Regjeringa vidarefører ordninga med eit statleg tilskot for å gje eit betre TT-tilbod til utvalde brukarar med særlege behov. Basert på det fylkeskommunale TT-tilbodet og særskild tilskot frå staten, sikrar ordninga at brukarar med særlege behov får eit reisetilbod som svarar til om lag 200 reiser i året, seier samferdselsministeren.

I Møre og Romsdal er dei same kommunane som før med i ordninga, medan alle kommunar no er omfatta i dei tre andre fylka.

Universell utforming – transportsystemet skal vere tilgjengeleg for alle

- Vi ønskjer å medverke til at heile reisekjeder blir universelt utforma. Det er eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2014-2023. Regjeringa vil difor utvikle og leggje transportsystemet til rette slik at flest mogleg blir sikra god mobilitet. Der det er naudsynt, skal dei reisande kunne finne hjelpemiddel eller assistanse. All ny transportinfrastruktur blir bygd med universell utforming, seier samferdselsministeren.

I 2017 er det planlagt å utbetre 37 haldeplassar og tre viktige knutepunkt på riksvegnettet. Det blir utarbeidd ein nasjonal reiseplanleggjar som ein plattform der reisande mellom anna skal få relevant informasjon under vegs.

På jernbanestasjonar vil det ved utgangen av planperioden 2014-2017 i Nasjonal transportplan vere 27 stasjonar som er universelt utforma, mot to stasjonar ved inngangen til perioden. 95 stasjonar er klassifiserte som tilgjengelege. Jernbaneverket har over fleire år arbeidd med å utvikle eit universelt utforma informasjonssystem for publikum. Informasjonssystemet oppfyller no minstekrav til universell utforming, med informasjon om avgangar og trafikkavvik, både i lyd og bilete. Dette informasjonssystemet blir tatt i bruk på heile jernbanenettet.

I samarbeid med Luftfartstilsynet kartlegg Avinor lufthamnene, slik at det kan bli lagt til rette for planlagde og koordinerte tiltak som skal sørgje for at alle lufthamnene Avinor disponerer er universelt utforma i 2025. Alle bygningsmessige endringar blir utførte i samsvar med plan- og bygningsloven og andre tilhøyrande føresegner med fokus på universell utforming. På dei store lufthamnene er krava om universell utforming tilfredsstilte med 70-80 prosent.

For fleire opplysningar - sjå: