Historisk arkiv

Kolmuleavtale for 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Noreg, EU, Færøyane og Island er enige om forvaltinga av kolmule for 2007. Avtalen for neste år byggjer på rammeavtalen om kolmule som kyststatane vedtok i fjor. Partane er samde om ei kvote for 2007 på 1.7 millioner tonn. Etter avtalen kan norske fartøy fiske 446.165 tonn kolmule neste år. I tillegg kjem kvotene som Noreg bytter til seg i dei bilaterale avtalane med EU og Færøyane.

Pressemelding

Nr.: 92/2006
Dato: 30.11.2006
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Sigrun M. Holst, tel 918 98 733

Kolmuleavtale for 2007

Noreg, EU, Færøyane og Island er enige om forvaltinga av kolmule for 2007. Avtalen for neste år byggjer på rammeavtalen om kolmule som kyststatane vedtok i fjor. Partane er samde om ei kvote for 2007 på 1.7 millioner tonn. Etter avtalen kan norske fartøy fiske 446.165 tonn kolmule neste år. I tillegg kjem kvotene som Noreg bytter til seg i dei bilaterale avtalane med EU og Færøyane.

Kyststatskvoten for 2007 inneber ein reduksjon på 300.000 tonn samanlikna med kvoten for i år. Reduksjonen er i samsvar med nedtrappingsplanen for fisket som partane vart samde om i fjor.

Avtalen inneber vidare at adgangen til å fiske i EU-sona og Færøy-sona vert ført vidare i 2007, dvs. at norske fartøy kan fiske 61 % av den norske kvoten i EU-sona og inntil 60.000 tonn i Færøy-sona. Noreg anser soneadgangen som særs viktig med tanke på å verne viktige oppvekstområder for kolmule mellom anna i norsk økonomisk sone.

Innenfor rammen av NEAFC vil kyststatane leggja til rette for ei avsetning for fiske i internasjonalt farvann.

Til toppen