Historisk arkiv

Kolmuleavtale for 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Noreg, EU, Færøyane og Island er einige om forvaltninga av kolmule for 2008. Kyststatskvoten neste år vert på 1.150.514 tonn. Noregs del på 301.952 tonn vil verte supplert ved kvotebyte med andre land, som vert avtalt seinare i haust.

Noreg, EU, Færøyane og Island er einige om forvaltninga av kolmule for 2008. Kyststatskvoten neste år vert på 1.150.514 tonn. Noregs del på 301.952 tonn vil verte supplert ved kvotebyte med andre land, som vert avtalt seinare i haust.

Kyststatskvoten for 2008 inneber ein reduksjon på 32 % frå 1,7 mill. tonn i 2007. Reduksjonen kjem av den dårlege bestandssituasjonen for kolmule på grunn av sviktande rekruttering. Det er venta at neste års kvote reduserer fiskepresset.

Den nye avtalen sikrar auka tilgang for norske fartøy til EU-sona. Dette inneber at norske fartøy kan fiske 65 % av den norske kvoten i EU-sona i 2008 mot 61 % i 2007. I tillegg kan norske fartøy fiske inntil 60.000 tonn i Færøysona.

Kyststatskvoten tar utgangspunkt i eit rekna totaluttak frå bestanden på 1.250.000 tonn. Innanfor den totale ramma vil partane i NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) leggje til rette for ei avsetjing for andre lands fiske i internasjonalt farvatn.

Partane har sett ned ei arbeidsgruppe av forskarar som har fått i oppdrag å utvikle grunnlaget for ei framtidig berekraftig forvaltning av bestanden. 

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Sigrun M. Holst, tel. 918 98 733

Avtaledokumentene (pdf-format)