Presseinvitasjon

Kommunal- og distriktsminister Gjelsvik (Sp) mottar rapport frå Leiarlønsutvalet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Leiar av utvalet som har vurdert leiarlønssystemet i staten, Ingrid Finboe Svendsen, leverer rapporten til statsråden 15. juni.

Media er velkomne til overrekkinga i auditoriet i R5, Akersgata 59 i Oslo.

Program for overleveringa onsdag 15. juni

Kl. 10.00: Leiar i utvalet Ingrid Finboe Svendsen presenterer rapporten frå Leiarlønsutvalet.

Kl. 10.15: Statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kommenterer rapporten.

Kl. 10.20: Spørsmål frå media.


Påmelding for media til ke@kdd.dep.no. Oppmøte for media skjer kl. 09.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00