Kommunal- og moderniseringsministeren besøker den tredje finalisten til prisen Attraktiv by

Torsdag 5. august vil statsråden besøka Henningsvær i Vågan kommune.

— Alle dei tre finalistane er gode kandidatar som samen med befolkninga, næringslivet og frivillig sektor, har utvikla berekraftige og attraktive stader. Eg ser fram til å reisa på besøk til alle finalistane og til slutt dela ut prisen til vinnarstaden som juryen vel, seier kommunal – og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Synfaringa skjer frå klokka 12.45 til 14.15. Vertskap for besøket er ordførar i Vågan kommune, Frank Johnsen.

Stad: Trevarefabrikken, Dreyers gate 72.

Statsråden har tidlegare i sommar besøkt dei to andre finalistane, Skien/Porsgrunn og Saupstad/Kolstad.

Les meir om grunngivinga til juryen for nominasjonane

Les meir om prisen Attraktiv by

 

Pressekontaktar

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bettina Flatland, mobiltlf.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00