Kommunalnytt nr. 3 2017

Nyhetsbrev | Dato: 29.06.2017

Nyhetsbrev frå Kommunalavdelinga om kommune- og fylkesforvaltning

Innhald:


Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)

TBU-rapporter


TBU la torsdag 29. juni fram rapporten for sommeren 2017. Rapporten tek sikte på å gje informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2016, og utvalet legg fram si forståing av den aktuelle situasjonen i kommuneøkonomien. I tillegg inneheld rapporten dei to notata om økonomi og demografi som utvalet sende over til konsultasjonsordninga til deira møte 6. mars.

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi


Stortinget har fatta vedtak i kommunereforma og regionreforma

Bilde av hus og barn som illustrerer kommunereformen
Foto: Colourbox

Torsdag 8. juni handsama Stortinget Prop. 96 S om endringar i kommunestrukturen, Prop. 91 L om oppgåver til kommunane, og Prop. 84 S om ny inndeling av fylkeskommunane. Et fulltalig Storting fatta vedtak i all hovudsak slik det blei foreslått i proposisjonane.

Prop. 96 S Endringer i kommunestrukturen

Det ble fatta vedtak om samanslåing av 111 kommunar til 43 nye kommunar. Til saman i kommunereforma er det da fatta vedtak om samanslåing av 121 kommunar til 47 nye kommunar.

Dette gir 354 kommunar frå 1.1.2020.

Alle kommunar som er vedtekne slått saman vert omfatta av dei økonomiske virkemidlane i kommunereforma. Kommunane får dekka eingongskostnadar ved samanslåinga etter ein standardisert modell og den nye kommunen vil få reformstøtte. Totalt vil det bli utbetalt 1 453,1 mill. kroner til dekning av eingongskostnader i kommunereforma. Dei nye kommunane vil totalt få 840,1 mill. kroner i reformstøtte.

Prop. 91 L om oppgåveoverføring til kommunane

Stortinget handsama 8. juni 2017 Prop. 91 L (2016–2017) Endringer i ekteskapsloven og bustøttelova m.m. (oppgaveoverføring til kommunene) og lov om overføring av ansvar for kollektivtransport, jf. Innst. 376 L (2016–2017). Lovproposisjonen er ei oppfølging av Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner. Stortinget slutta seg til framlegget frå regjeringa om lovendring knytt til oppgåver som skal overførast til kommunane. Det gjeld vigsler som i dag vert utførte av domstolane, ansvar for å gje økonomisk hjelp til bustadetablering og bustadtilpassing og ansvar for kollektivtransport (til store kommunar etter søknad og på særskilde vilkår). Proposisjonen omtalar og overføring av oppgåver til kommunane som vert handtert i andre prosessar. Det gjeld mellom anna tannhelsetenesta og barnevernreform.

Prop. 84 S om ny inndeling av fylkeskommunane

I Stortinget blei det også fatta vedtak om samanslåing av følgjande fylkeskommunar:

- Akershus, Østfold og Buskerud
- Vestfold og Telemark
- Aust- og Vest-Agder
- Hordaland og Sogn og Fjordane
- Hedmark og Oppland
- Finnmark og Troms

Det er tidligare fatta vedtak om samanslåing av Sør- og Nord-Trøndelag fylkeskommunar. Det blei også vedtatt at det skal settast ned eit ekspertutval for å sjå på overføring av nye oppgåver til fylkeskommunane.

Les meir på kommunereform.no 


Framtidas lokaldemokrati – tillit og samspel i levande lokaldemokrati

Konferanse i prosjektet Fremtidas lokaldemokrati
Niels Clemmensen var ein av innleiarane på lokaldemokratikonferansen. Han fortalde om erfaringar frå Vejle kommune i Danmark.


Konferansen Framtidas lokaldemokrati var på Lillestrøm 12. – 13. juni 2017. Konferansen er ein del av Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt prosjekt: Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar som skal slå seg saman. Det er framleis mogleg å melde seg på prosjektet for nye kommunar som ikkje rakk det innan fristen. I tillegg til konferansar og seminar, vil kommunane få tilskot til lokalt arbeid med lokaldemokratiutvikling i 2018, verktøy til å vurdere tilstanden for lokaldemokratiet i eigne kommunar, og undervegsevaluering som hjelp til å vurdere planlagde løysingar for kva lokaldemokrati ein ønsker i den nye kommunen.

Lokaldemokratikonferansen 2017 samla rundt 250 lokalpolitikarar og kommunale leiarar, kommunalforskarar samt ekspertar på nye digitale løysingar, frå inn og utland. Konferansen blei ein god plattform for livlege diskusjonar om kva lokaldemokrati kommunane som er i ein samanslåingsprosess ønsker å utvikle for sine nye kommunar, utveksling av idear og erfaringar, og formidling av den nyaste kunnskapen på lokaldemokratiområdet frå forskinga. På programmet stod formidling av praktiske eksempel frå kommunar, frå inn og utland, som har arbeidd med ulike løysingar for å styrke lokaldemokratiet sitt. Presentasjonar av kunnskap om behovet for å styrke lokaldemokratia og korleis politiske arbeids- og organisasjonsformer og nye former for involvering frå innbyggjarane kan bidra til det, blei lagt fram. Det er planlagt ein ny konferanse i 2018.

Heimesida til prosjektet Framtidas lokaldemokrati 

 


Kommunane skal sjølve få bestemme kommunevåpen og kommuneflagg

Eksempler på kommunevåpen


Eit nytt lovforslag opnar for at kommunane kan bestemme eigne kommunevåpen og kommuneflagg.

I dag må kommunane sitt utkast til kommunevåpen og kommuneflagg kontrollerast av Arkivverket og godkjennast av Kongen i statsråd. For å styrke det lokale sjølvstyret og flytte meir makt og ansvar til kommunane, foreslår Kommunal- og moderniseringsdepartementet å oppheve den statlege godkjenningsordninga og flytte ansvaret til kommunane. Dei nye reglane vil forenkle prosessen med å fastsette nye kommunevåpen for kommunar som skal slå seg saman.

Les meir i pressemeldinga: Kommunane skal sjølve få bestemme kommunevåpen og kommuneflagg.


Styrker det kommunale sjølvstyret

Illustrasjonfoto av domsstol
Illustrasjonsbilete frå Colourbox


Stortinget har vedteke to lovforslag frå Kommunal- og regionaldepartementet for å styrkje det kommunale sjølvstyret. Lovendringane trer i kraft frå 1. januar 2018.

Den første lovendringa gir kommunane som offentlege organ rett til å få prøvd for domstolane om ei statleg avgjerd er gyldig. Søksmålsretten gjeld likevel ikkje for vedtak som er gjorde med heimel i barnevernlova. For å vareta interessene til private partar skal vedtak etter ein del sentrale velferdslover ikkje kunne gjerast om sjølv om ein domstol har kjent vedtaket ugyldig. Omgjeringsforbodet gjeld likevel ikkje der den private parten har fått tilkjent ytinga fordi han eller ho eller nokon som har handla på vegner av vedkomande, med forsett eller grovt aktlaust har gjeve feilaktige opplysningar.

Den andre lovendringa er at statlege klageinstansar ikkje lenger i like stor grad skal kunne overprøve utøvinga av det frie skjønet i kommunane. Etter den generelle regelen i forvaltningslova skal statlege klageinstansar legge vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret når det frie skjønet i kommunen skal prøvast. Statlege klageinstansar skal etter den nye regelen leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret. Det er vidare vedteke ein ny regel som presiserer at statlege klageinstansar må grunngje korleis dei har lagt vekt på dette omsynet ved prøving av det frie skjønet.

Prop. 64 L (2016–2017) Endringar i forvaltningslova, tvistelova m.m. (overprøvingskompetanse m.m.)

 


Eit enklare regelverk for medverknad i kommunane

To ungdommar
Foto: Colourbox


Stortinget vedtok 2. juni 2017 regjeringa sitt framlegg om ei ny generell føresegn i kommunelova § 10 b om råd i kommunar og fylkeskommunar for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Framlegget inneber at reglane om brukermedverknad blir samla i ei lov og med eit ansvarleg departement. Det har vore eit ønskje frå regjeringa at det skal bli enklare for både brukerne og kommunane å få oversikt over regelverket.

Hovudoppgåva til råda vil vere å uttale seg i saker som er viktig for levekårene til eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Detaljerte reglar for dei einskilde ordningane – om råda sine oppgåver, organisering og sakshandsaming - skal fastsetjast i forskrift.

Eldre og personar med funksjonsnedsetjing skal framleis ha ein lovpålagd rett til medverknad, medan ei tilsvarande lovfesta ordning for ungdom skal vere frivillig for kommunane og fylkeskommunane. Dersom ein kommune eller ein fylkeskommune ønskjer å ha eit ungdomsråd eller ei anna form for medverknad frå ungdom, må dei etter framlegget følgje det regelverket som er laga for ungdomsmedverknad.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i løpet av hausten starte forskriftsarbeidet og det blir tatt sikte på å ha eit regelverk klart til neste år.

Prop. 65 L (2016–2017) Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

 


Kommunalt rapporteringsregister (KOR) skal bli betre og meir brukarvennleg

Skjermbilde av nettsiden Kommunalt rapporteringsregister
Den nye løysinga for registeret skal bli betre og meir brukarvennleg


Kommunalt rapporteringsregister (KOR) skal gje ein elektronisk oversikt over dei samla rapporteringspliktene retta mot kommunar og fylkeskommunar som følgje av lov eller vedtak trefte av statlege organ. Registeret skal vere eit verkemiddel for samordning og forenkling, det skal haldast oppdatert, samt innehalde ei utførleg oversikt over og informasjon om kommunesektoren sine rapporteringspliktar.

KOR har eksistert sidan 2006 og Brønnøysundregistera har vore registerførar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er departementa eller underliggande etatar som skal melde inn nye og endra rapporteringspliktar til registeret. Staten kan ikkje krevje rapportering frå kommunar eller fylkeskommunar før rapporteringspliktene er publiserte i KOR.

KOR har til no vore litt bortgøymt og lite nytta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Brønnøysundregistera har samarbeidd om ei ny og meir brukarvennleg løysing for registeret, som er enklare å finne fram til. Denne løysinga er basert på tilsvarande plikter som næringslivet har i Oppgaveregisteret. I tillegg vil Brønnøysundregistera få styrka rolla si som pådrivar overfor dei statlege einingane som har plikt til å melde inn rapporteringspliktene.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Brønnøysundregistera vil halde fram med utviklingsarbeidet for KOR. Denne versjonen representerer ei vesentlig forbetring, og det er eit skritt på vegen mot ei fornya og berekraftig løysing i 2018.

Lenke til den nye løysinga for registeret.



Asker kommune vann Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin innovasjonspris 2017

Statssekretær Paul Chaffey overrekker innovasjonspris til Asker kommune
Statssekretær Paul Chaffey delte ut prisen til Asker kommune under Arendalskonferansen. Foto: KS


Asker kommune imponerte juryen fordi dei systematisk tek i bruk ressursar i lokalsamfunnet og i dei enkelte innbyggjarane. Dette gir resultat i form av nye tenester og nye arbeidsmetodar.

– Asker har i fleire år bygd ein kultur for innovasjon. Eg gratulerer Asker med prisen, seier statssekretær Paul Chaffey.

Prisen er på 500.000 kroner, og vinnaren tok imot prisen på Arendalskonferansen i juni.

Les meir i pressemeldinga: Asker kommune får innovasjonsprisen 2017