Kommunalnytt nr. 4 2016

Nyheitsbrev | Dato: 11.05.2016

Opptil 4 milliardar kroner meir til kommunesektoren i 2017

Regjeringa la 11. mai fram kommuneproposisjonen for 2017. Kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på mellom 3,75 og 4 milliardar kroner. Regjeringa legg også fram forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane.

Tiltakspakke på 250 millionar kroner til kommunar på Sørlandet og Vestlandet

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2016 eit tilskot på 250 mill. kroner til kommunane på Sørlandet og Vestlandet til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg. Føremålet med tilskotet er å bidra til auka aktivitet på Sørlandet og Vestlandet som er særleg råka av nedgangen i oljenæringa.

Retningslinjene for ferjeavløysingsordninga er klare

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast. No er retningslinjene for ordninga klare.

Tydelegare reglar for kortsiktig gjeld i kommunane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender i dag på høyring forslag til endringar i regelverket for kommunane si finans- og gjeldsforvalting. Formålet med forslaga er å få tydelegare fram det ansvaret kommunestyret har for å vurdere og ta stilling til risikoen som følgjer med kortsiktig gjeld.

Fræna kommune utmeldt av ROBEK

Fræna kommune har dei siste åra vist til gode økonomiske resultat, og blei tidlegare denne månaden utmeldt av ROBEK.

Evaluering av utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune

Oslo Economics har på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet evaluert utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune".

Høyring av forslag til ny kommunelov

Kommunelovutvalget si utgreiing (NOU 2016: 4) blei sendt på høyring 6. april 2016. Utvalget gjekk igjennom dagens kommunelov, og la fram forslag til ein ny lov.