Kommunalnytt nr. 7 2016

Nyheitsbrev | Dato: 14.10.2016

Månadens eksempel: Korleis bli ein «inkluderande kommune»

I laupet av hausten går Vekstbedriftene (ASVL) i gang med prosjektet «Inkluderende kommune», som mellom anna har som mål å få fleire tilsette med nedsett arbeidsevne i kommunane.

Tilskot til informasjonstiltak i samband med stortings- og sametingsvalget 2017

For å bidra til å auke valdeltakinga og kunnskapen om valet, er det oppretta ei tilskotsordning. Tilskotet kan dekkje utgifter knytt til informasjonstiltak, til dømes konferansar, kampanjar, internettsider, produksjon og distribusjon av trykksaker og så vidare. Tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for tilrettelagt informasjon blir prioritert.

Regjeringa styrker kommunesektoren med fire milliardar kroner

Regjeringa legg opp til ei auke i kommunesektorens frie inntekter på 4 075 millioner kroner, som vert delt ut med 3 625 millionar kroner til kommunane og 450 millionar kroner til fylkeskommunane.

650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering i kommunar på Sørlandet og Vestlandet

Regjeringa foreslår eit tilskot på 650 millionar kroner til kommunane på Sørlandet og Vestlandet til vedlikehald og rehabilitering av veger, bygg og anlegg i 2017. Dette kjem i tillegg til 400 millionar kroner som er bevilga på budsjettet for 2016.