Kommunalnytt nr. 8 2015

Nyheitsbrev | Dato: 17.11.2015

Felles innsats er avgjerande for å handsame asylstraumen

Det er betydelege utfordringar med asyltilstrauminga til Noreg. Talet på asylsøkjarar har i fleire månader vore ekstraordinært, og ein kan nå definera det som ei krise for mottakssystemet. Det blei registrert om lag 8700 asylsøknadar i oktober, og fleire dagar i det siste har det kome over 400 nye søkjarar. Dette krev mykje av oss, både praktisk og økonomisk.

Månadens eksempel: Stavanger kommune med på innovasjonsprosjekt i Horisont 2020-programmet

Stavanger kommune er med på Horisont 2020-prosjektet Triangulum. Triangulum er eit innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt, og søkjer å integrere energi, mobilitet og IKT i nye løysingar. Gjennom desse løysingane skal ein takle viktige samfunnsutfordringar og gjere byane meir bærekraftige.

Bilateralt konsultasjonsmøte mellom KS og Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bilateralt konsultasjonsmøte mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS fann stad 11. november 2015. Partane drøfta mellom anna arbeidet med nytt inntektssystem for kommunane, jakta på tidstjuvar, nasjonal pådrivar for innovasjon og klarspråk i kommunane.

Rapport frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU)

TBU la måndag 23. november fram haustrapporten for 2014. Rapporten gir informasjon om utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra, med særleg vekt på den økonomiske situasjonen i 2015.

TBU-seminaret 2015: Noreg ved eit vegskilje – kva har dette å seie for kommunane?

Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) inviterer til opent fagseminar torsdag 10. desember kl. 10-15.30. Seminaret vil ta for seg framtida for norsk økonomi og offentlege finansar, og vil også gå inn på tema som utviklinga i pensjonspremiane, gjelda i kommunesektoren og innvandring.

Ny utgåve av Kontrollutvalsboka

Rettleiaren gjer greie for rolla og oppgåvene til kontrollutvalet. Første utgåve kom i 2011. Andre utgåve er oppdatert med nye reglar og praksis.

Nytt unntak i anskaffingsreglane for kjøp av helse- og sosialtenester

Det er innført eit nytt unntak i forskrift om offentlege anskaffingar, som vil kunne vere av interesse for kommunane. Unntaket inneber at oppdragsgjevarar ikkje lenger må lyse ut oppdrag for helse- og sosialtenester til einskilde brukarar når dette bryt med teieplikta.