Historisk arkiv

Kommunane bestemmer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er kommunane sjølve som bestemmer om dei vil innføre eigedomsskatt eller ikkje.

Det er kommunane sjølve som bestemmer om dei vil innføre eigedomsskatt eller ikkje.

I retningslinene for skjønnstildelinga står det at fylkesmannen kan oppfordre kommunane til betre å utnytte eige inntektspotensial. Men det blir òg presisert at det er opp til det enkelte kommunestyre sjølv å velje kva for inntektskjelder som skal aukast, eller kva for utgifter som skal kuttast. Fylkesmannen kan altså ikkje krevje at kommunane skal auke bestemte inntekter, til dømes eigedomsskatt, eller foreslå kutt i konkrete utgifter.

Kommunal- og regionaldepartementet har i dag sendt brev til fylkesmennene. Brevet minner om at det i retningslinene for skjønnstildelinga står at det er kommunane sjølve som bestemmer om dei vil innføre eigedomsskatt eller ikkje.