Historisk arkiv

Kommunane bør hjelpe fleire til eigen bustad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Fleire kan kjøpe ein eigen heim og kommunane kan spare pengar viss dei nyttar Husbanken si startlånordning betre. Det er konklusjonane i ECON-rapporten ”God praksis med startlån”.

Fleire kan kjøpe ein eigen heim og kommunane kan spare pengar viss dei nyttar Husbanken si startlånordning betre. Det er konklusjonane i ECON-rapporten ”God praksis med startlån”.

Startlån er eit bustadlån frå Husbanken for husstandar som ikkje får nok lån i private bankar.

- Eg oppmodar kommunane til å nytte startlånet frå Husbanken enda meir. Mange kommunar er flinke, men ein del kan gjere meir for å gje vanskelegstilte på bustadmarknaden mulegheit til å kjøpe eigen bustad. Regjeringa  har sett av 15 milliardar kroner til ulike låneordningar i år, og vi kan auke beløpet viss det trengst, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

ECON-rapporten presenterer mellom anna eit eksempel der alle som bur i, eller søkjer seg til, kommunale bustader blir vurderte med tanke på om dei er kvalifiserte for startlån. Slik får fleire hjelp til å bli sjølvstendige bustadeigarar, og samstundes blir dei  kommunale bustadene frigjorte til dei som er meir vanskelegstilte. Dermed bidreg startlånet også til å motverke bustadløyse. 

Rapporten syner dessutan at kommunane sjeldan tapar på å nytte startlånet. Tapa er få, og dei delast mellom stat og kommune. Kommunane kan dekkje sin del over eit fond som er bygd opp av statlege midlar. Samstundes gjev startlånet få ekstra kostnadar for kommunane.

- Det er lite å tape, men det kan vere mykje å tene for kommunar som nyttar startlånordninga godt. Kommunane bør bruke Husbanken sine verkemiddel enda meir, og gjerne i kombinasjon. Det kan gje fleire ein eigen heim, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.