Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Kommunane får auka ansvar for barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Den 1. januar 2022 trer barnevernsreforma i kraft. Reforma gjev kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Staten kompenserer for dei auka utgiftene som kommunane får.

– Barnevernet skal beskytte dei mest sårbare blant oss, nemleg dei barna som ikkje har det bra heime. Regjeringa prioriterer førebyggjande innsats. Dei som best kan førebyggje, er dei som er nærast barna og familiane. Derfor skal vi flytte pengar og oppgåver frå staten til kommunane i barnevernsreforma som gjeld frå neste år, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Barnevernsreforma gjev kommunane fullt finansieringsansvar for ordinære fosterheimar, og auka kommunale eigenandelar for bruk av spesialiserte hjelpetiltak, spesialiserte fosterheimar, institusjon og akuttiltak. Det auka finaniseringsansvaret skal forsterke insentiva til å prioritere tidleg innsats og førebyggjande hjelp.

I tråd med etablert praksis skal kommunane kompenserast for dei meirutgiftene som følgjer av dette, gjennom ei auke i rammetilskotet. Kommunane vil dermed disponere ein større del av ressursane i barnevernet. Det skal gje auka handlingsrom til å byggje opp gode tiltak der barna bur.

Førebelse utrekningar viser at kommunane på lengre sikt må betale om lag 1,7 milliardar kroner meir i eigenandelar for statlege tiltak, samanlikna med 2020. Samstundes blir dei statlege utgiftene på om lag 400 millionar kroner til hjelpetiltak, refusjonsordninga for fosterheimar og rettleiing av fosterheimar overførte til kommunane. På lengre sikt blir då rundt 2,1 milliardar kroner flytta frå staten til kommunane.

– For å sikre ein meir målretta kompensasjon i ein overgangsperiode fordeler vi halvparten av kompensasjonen etter faktisk tiltaksbruk i 2022 og 2023. Det gjev kommunane betre tid til å omstille seg i tråd med intensjonen om tidleg innsats og førebygging, seier Ropstad.