Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kommunane må bidra til gode bustader for eldre

Kommunane må ta eit ansvar for å leggje til rette for aldersvennlege bustader. Ein ny rapport frå NOVA tydar på at det er eit uutnytta handlingsrom. Få kommunar stiller krav om å byggje alt på eit plan.

– Kommunane kan vere meir aktive i bustadplanlegginga i møte med ein aldrande befolkning, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Regjeringa vil at eldre skal kunne bu heime så lenge som mogeleg. Da treng vi bustader som gjer at eldre kan leve aktive og sjølvstendige liv.

– Regjeringa vil nytte Husbanken aktivt i arbeidet med å leggje til rette for at eldre skal kunne bu lenger heime. Vi har eit framlegg om nye reglar for lån frå Husbanken på høyring, seier statsråden. Lån frå Husbanken skal gje samfunnet enda betre bustadkvalitetar, mellom anna for eldre.

Reguleringsplan og rettleiing

Kommunane kan stille krav om å byggje tilgjengelege einebustader og rekkjehus. I reguleringsplanen kan kommunane stille krav om at  alle hovudfunksjonane skal vere på eit plan. Ei undersøking retta mot kommunane tydar på at få bruker dette verkemiddelet på ein bevisst og systematisk måte. 76 % av kommunane svarer at dei ikkje veit om krava blir stilt, og 18 % svarer at dei ikkje stiller krav i det heile.

Bustadane må vere tilpassa behova til eldre menneskjer; Fjerne tersklar til badet, ombyggjing av bad, og trinnfri veg og inngangsparti til bustaden er blant dei viktigaste tiltaka. Rapporten tydar på at mange eldre ikkje veit kvar dei skal rette seg for råd om ombyggjing og rehabilitering for å tilpasse bustaden. Ein av fire kommunar gjev slik rettleiing. Ein av seks kommunar gjev rettleiing til utbyggjarar, burettslag og sameige.

Rapporten undersøkjer også korleis byggjenæringa vurderer sine eigne bidrag og rammevilkår for byggjing av meir aldersvennlege bustader. 26 % av kommunane rapporterer at dei byggjer leilegheitkompleks med fellesfunksjonar eigna for eldre. Samtidig meiner mange at det er ulønnsamt.

– Det er viktig at også næringslivet tar eit ansvar her, seier Mæland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestilt ein rapport frå Nova der ein drøftar samspelet mellom offentlege myndigheiter, private bedrifter og hushald i arbeidet med å skaffe fleire eigna bustader for eldre. Rapporten presenterer ny forsking på feltet.

140 kommunar av landets 422 kommunar har svart på undersøkinga. Om lag halvparten av innbyggjarane i Noreg bur i ein kommune som har delteke i undersøkinga.

I undersøkinga retta mot bedrifter har nær halvparten av medlemslaga i NBBL, og 30 prosent av medlemene i Boligprodusentene svart.

Rapporten Bolig i det aldrende samfunnet – analyse av rammebetingelser for fremskaffelse av velegnede boliger for eldre er utarbeida av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) OsloMet – storbyuniversitet. 

Les rapporten:

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen