Historisk arkiv

Kommunane om erfaringar med statleg tilsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Målet er at det statlege tilsynet med kommunane skal bli endå betre. Difor har Fylkesmannen i Vestfold og Høgskulen i Vestfold henta erfaringar frå Sandefjord, Horten og Lardal kommunar i ein ny rapport.

Målet er at det statlege tilsynet med kommunane skal bli endå betre. Difor har Fylkesmannen i Vestfold og Høgskulen i Vestfold henta erfaringar frå Sandefjord, Horten og Lardal kommunar i ein ny rapport.
 
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke sluttrapporten frå tilsynsprosjektet i Vestfold. Prosjektet har hatt som mål å utvikle statleg tilsyn med kommunane. Rapporten er utarbeidd av Fylkesmannen i Vestfold og Høgskulen i Vestfold. Kommunane Sandefjord, Horten og Lardal har delteke i utviklingsarbeidet.

- Rapporten er eit viktig bidrag når vi i departementet set i gong arbeidet med ei stortingsmelding der eg ønskjer ei prinsipiell drøfting av bruken av statlege styringsverkemidlar og rettigheitstenking, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Rapporten tek utgangspunkt i kommunane sine opplevingar og erfaringar med statleg tilsyn. Lokalpolitikarar, administrasjon, leiing og fagfolk er spurde. Målet har mellom anna vore at desse refleksjonane skal leggje til rette for ei betre statleg samordning av tilsyn og utvikle ein tilsynspraksis som kan gjere tilsynet meir relevant for dei kommunale aktørane. Tanken er at det statlege tilsynet då kan gje betre læring og forbetring av både system og tenester lokalt. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.