Historisk arkiv

Kommunane får ein del av selskapsskatten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 138/2004
Dato: 06.10.2004

Statsbudsjettet 2005:

Kommunane får ein del av selskapsskatten

Regjeringa foreslår at kommunane skal få ein del av selskapsskatten frå 2005. Ved å leggje til rette for næringsutvikling og verdiskaping kan kommunane da auke inntektene sine.

Bedrifter skal ikkje skattleggjast meir som følgje av reforma, men skatt som tidlegare gjekk til staten, skal no gå til kommunane. Både næringslivet og kommunane kan få fordelar av regjeringsforslaget. Næringslivet kan forbetre rammevilkåra sine i kommunane og kommunane kan auke inntektsgrunnlaget ved å utvikle ein aktiv næringspolitikk.

– Viss kommunane er flinke til å leggje til rette for næringsutvikling, så kjem det innbyggjarane til gode, seier kommunalminister Erna Solberg. – Gjennom etablering av nye og lønnsame arbeidsplassar vil kommunane få større inntekter gjennom skatt på overskot frå bedriftene. Det fører til betre tenester og større trivsel i kommunane.

Samtidig med at ein del av selskapsskatten blir ført tilbake, blir systemet for utjamning av forskjellar i skatteinntekter mellom kommunane lagt om. Omlegginga byggjer på ei avveging mellom to omsyn: På den eine sida behovet for å styrkje incentiva for næringsutvikling, på den andre sida behovet for inntektsutjamning for å sikre grunnlaget for eit likeverdig tenestetilbod.