Historisk arkiv

Kommunesamanslåingar gjev arbeidsplassvekst i sentrum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Veksten i kommunal sysselsetting i samanslåtte kommunar kjem i det nye kommunesenteret. Det viser ein rapport Proba samfunnsanalyse har utarbeidd på oppdrag av Kommunal- og regionaldepartementet.

Veksten i kommunal sysselsetting i samanslåtte kommunar kjem i det nye kommunesenteret. Det viser ein rapport Proba samfunnsanalyse har utarbeidd på oppdrag av Kommunal- og regionaldepartementet.

Rapporten har sett nærare på kva som skjer med folketalsutvikling, sentralisering og tenestetilbod i samanslåtte kommunar.

Analysen omfattar 39 kommunar som slo seg saman i perioden 1988-2012. Utviklinga er jamført med utviklinga i samanliknbare kommunar.

Analysane syner at utviklinga varierer mellom kommunane, men enkelte trekk går att i eit fleirtal av kommunane. Eit av desse er altså ein klar tendens til at veksten i kommunal sysselsetting i dei samanslåtte kommunane kjem i det nye kommunesenteret.

Det er også ein viss tendens til at samanslåing har gjeve lågare vekst i folketalet og at dei samanslåtte kommunane har opplevd svakare sentralisering enn samanliknbare kommunar

Utgreiinga tek ikkje sikte på å identifisere årsakene til desse endringane.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.