Ein fantastisk sjanse:

Kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet

Som kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har du ein av landets morosamaste kommunikasjonsjobbar. Du informerer og bidreg til debatt om nokre av dei mest sentrale politikkområda i Noreg. Kommunikasjonsseksjonen i NFD har åtte medarbeidarar og er ein sprudlande stabsfunksjon som ligg under departementsråden.

Fakta om NFD / Nærings- og fiskeridepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å forme ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
  • Arbeidsområda femner om forvaltning og tilrettelegging for norsk næringsverksemd. Det gjeld mellom anna fiskeri- og havbruksnæringa, forskings- og innovasjonspolitikk, næringsutvikling, handelspolitikk, fremme av  eksporten, forenkling av reglar og skipsfartspolitikken.
  • Departementet forvaltar også staten sine eigarandelar i ei rekkje selskap.

Tiltreding så raskt som mogeleg etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Pressekontakt og medierådgjeving.
  • Utarbeide kommunikasjonsstrategiar for arrangement og satsingsområde.
  • En del reising i Noreg der du bidreg til at departementet sine satsingsområde blir synlege i media.
  • Du må rekne med å inngå i ei ordning med presseberedskapsvakter utanfor arbeidstid (kompensert).

 

Personlege eigenskapar

  • Svært fleksibel og arbeidsvillig, også utanfor «ordinær» arbeidstid, mellom anna delta i presseklippordning.
  • Nytenkande, kreativ og initiativrik.
  • God vurderingsevne og evne til å handle raskt.
  • Sjølvstendig, men spelar også på lag.
  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner og mykje humor.

 

Kvalifikasjonar

  • Må ha relevant høgare utdanning, helst medie- og/eller kommunikasjonsfagleg.
  • Må skrive og snakke svært klarspråkleg norsk.
  • Må ha brei relevant kompetanse og arbeidserfaring med dokumenterte resultat.
  • Må forstå godt samspelet mellom politikk, embetsverk og media
  • Må ha svært god teknisk forståing og kunne bruke duppedingsar i fart.
  • Må vere sikkerheitsklarert for «hemmeleg» eller kunne klarerast.
  • Bør ha erfaring som nyhendejournalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt.
  • Kjennskap til norsk næringsliv er ein fordel.

 

Vi tilbyr

  • Lønsspenn: kr 517 700 – 650 200 (ltr. 60-72 / kode 1448 seniorrådgjevar).
  • Ein hektisk og spanande kvardag.
  • Godt høve til kreativt og sjølvstendig arbeid.
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
  • Eit svært godt arbeidsmiljø, vi har det gøy på jobb.
  • Kreativt kontorlandskap i nye lokale med eigen hengekøye og maskin som lager puffa mais (popkorn).

 

For meir informasjon om stillinga, kontakt kommunikasjonssjef Trond Viken, e-post tvi@nfd.dep.no eller mobil 992 18 303.

 

Søknadsfrist 23. november