Historisk arkiv

Kompetansearbeidsplassar til heile landet

Regjeringa sette fredag ned eit offentleg utval som skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Professor Karen Helene Ulltveit Moe skal leie utvalet. Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast.

Regjeringa sette fredag ned eit offentleg utval som skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Professor Karen Helene Ulltveit Moe skal leie utvalet. Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast.

- Vi må ta heile Noreg i bruk. I Soria Moria II er vi samde om at det er viktig med kompetansearbeidsplassar over heile landet. Statleg verksemder kan bidra til dette. Men det er også viktig å byggje opp under sterke kompetansemiljø i privat sektor gjennom godt samspel mellom private og offentlege aktørar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ho åtvarar mot ei utvikling der kompetansearbeidsplassar hopar seg opp i Oslo og rundt Oslofjorden.

- Det blir fleire med høgare utdanning i byregionane. Vi ser også at det har vore størst vekst i statlege arbeidsplassar her. Gjer vi ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen, seier Navarsete.

I mandatet blir utvalet bede om å:

  • fremje tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar blir spreidde over heile landet
  • vurdere tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta
  • byggje forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar blir lokaliserte, rammevilkår for lokalisering og korleis rekruttering finn stad
  • vurdere konsekvensar av tiltaka på arbeidsmarknaden.

- Ved å aktivt leggje til rette for det, kan vi få spreidd slike arbeidsplassar betre enn i dag. Både større byområde utanfor Osloregionen, småbyar og mindre sentra må få sin del av ein slik vekst, seier Navarsete.

Ho vonar at utvalet vil gjere framlegg om tiltak for at desse stadene skal trekkje til seg kunnskapsintensive og spesialiserte arbeidsplassar.

- Det er mange som ønskjer å bu utanfor dei største byane. Difor må vi også leggje til rette for betre spreiing av kompetansearbeidsplassar enn i dag, meiner Statsråden.

-Med dette utvalsarbeidet følgjer vi opp regjeringsplattforma, Soria Moria 2. Der seier vi at vi vil utvikle ein politikk retta inn mot å ta heile landet i bruk. Ei offensiv tilnærming er naudsynt for å sikre kompetansearbeidsplassar i både privat og offentleg sektor over heile landet. Det bør vere muleg når vi no får sterk vekst i arbeidsplassar innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar, seier Navarsete.

Ho er glad for at Ulltveit-Moe har takka ja til å leie utvalet. Ulltveit-Moe, som er professor ved Universitetet i Oslo, har arbeidd særskilt med problemstillingar rundt omstilling og lokalisering.

Utvalet skal levere si innstilling i februar 2011, og fremje førebels forslag i november 2010.

Desse er med i utvalet:

  • Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, UiO, Oslo, (leiar)
  • Tidlegare stortingsrepresentant Åsa Elvik, Bø i Vesterålen
  • Seniorrådgjevar Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
  • Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB, Oslo
  • Professor Kjell Gunnar Salvanes, NHH, Bergen
  • Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune, Bergen
  • Direktør Roar Tobro, Møreforsking, Ålesund.

Utvalsleiar Karen Helene Ulltveit-Moe og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Agnar Kaarbø/KRD 

Utvalsleiar Karen Helene Ulltveit-Moe og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Agnar Kaarbø/KRD. Høyoppløseleg versjon.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.