Historisk arkiv

Kompetanseløft for industriklynga på Kongsberg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår eit kompetanseløft på 10 millionar kroner til Kongsberg-industrien denne hausten. – Den økonomiske krisa som følgje av koronapandemien har ramma Kongsbergindustrien hardt. Samtidig står Kongsberg framfor store endringar som krev ny kompetanse. Pengane vil gje personar som har blitt permitterte, eller har mista jobben mogelegheit til fagleg påfyll, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Dei ekstra pengane til Kongsberg er ei oppfylging av årets frontfagoppgjer mellom Norsk Industri og Fellesforbundet. Samtidig blir unntaket i regelverket for dagpengar forlenga slik at ein kan ta utdanning samstundes som ein får dagpengar fram til 1. juli 2021. Det betyr at permitterte frå bedriftene i Kongsbergindustrien og andre vil få mogelegheit til å ta kurs, opplæring og utdanning som gjev kompetanseutvikling mens dei får dagpengar i haust, og neste vår.

– Det er smart å leggje til rette for at folk kan bruke perioden utan jobb til å skaffe seg relevant kompetanse som næringslivet treng. No forlengjer vi den førebelse ordninga som gjer det enklare å kombinere dagpengar og utdanning til neste sommar, samtidig som vi går i gang med å lage eit nytt og permanent regelverk som kan tre i kraft når den mellombelse ordninga går ut, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Det er representantar for Kongsbergmiljøet, og partane i arbeidslivet, som bestemmer kva slags opplæring og utdanning det er mest behov for. Dei skal også bidra til å mobilisere deltakarar til tilbodet. Pengane skal tildelast dei som kan tilby utdanning, slik som til dømes fagskulane.