Trygg mat – vårt ansvar

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet held torsdag 7. april innlegg på konferansen Trygg mat – vårt ansvar.

Tid: Torsdag 7. april kl 09:30
Stad: Radisson BLU Scandinavia Hotel, Oslo

I ei verd i stadig endring, med nye matvarer, ingrediensar, produksjonsmetodar, handel med mat over landegrensane og endra matvanar kjem nye utfordringer knytta til mattryggleik. Det er eit stadig behov for ny kunnskap for å sikre forbrukarane trygg mat også i framtida.

Forskningsrådet og Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri inviterer til ei konferanse om mattryggleik i samarbeid med Mattilsynet og Vitenskapskomiteen for mattrygghet. Konferansen vil ta føre seg utfordringar knytta til matrisiko og mattryggleik, og korleis innovasjonar og ny kunnskap kan bidra til å gjere maten tryggere og gje norske forbrukarar auka tillit til trygg mat.

Målgruppen for konferansen er matprodusentar, forvaltning, politikarar og forskere med oppgaver, ansvar og interesse for trygg mat.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal held innlegg på konferansen Trygg mat – vårt ansvar, torsdag 7. april. Foto: Torbjørn Tandberg