Kongsberg Gruppen blir ein av to hovudeigarar i Patria Oyj

Kongsberg Gruppen kjøper 49,9 prosent av aksjane i den finske forsvarsleverandøren Patria Oyj.

Den finske stat sel 49,9 prosent av sine aksjar i den finske forsvarsleverandøren Patria Oyj til Kongsberg Gruppen. Dei resterande aksjane i Patria, 50,1 prosent, blir verande på den finske stat sine hender. Kongsberg Gruppen er eit børsnotert selskap der den norske stat eig 50,001 prosent av aksjane.

- Kongsberg Gruppen har lukkast i å bli verdsleiande innanfor ei rekke teknologiar. Det selskapet og den finske stat no er samde om vil skape mange moglegheiter for både Kongsberg Gruppen og Patria. Dette vil styrke grunnlaget for meir samarbeid og vidare lønsam vekst for begge partar. Avtalen vil styrke nordisk forsvarsindustri sin konkurranseevne i den europeiske og internasjonale forsvarsmarknaden, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Patria-konsernet er den største forsvarsleverandøren i Finland med rundt 2800 tilsette og ein omsetnad på over 430 millionar Euro i 2015.

- Noreg og Finland har allereie eit godt forsvars- og sikkerheitspolitisk samarbeid på fleire område. Avtalen vil styrke dette ytterlegare til nytte for begge land. Frå norsk forsvar si side skal vi utnytte dette til beste for begge partar i tråd med den reviderte bilaterale samarbeidsavtalen om forsvarsmateriell- og industrisamarbeid frå juli 2015, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).  

Kongsberg Gruppen ASA er eit internasjonalt, kunnskapsbasert konsern som leverer høgteknologiske system og løysningar til kundar innanfor offshore, olje- og gassindustrien, handelsflåten, forsvar og romverksemd. Selskapet er notert på Oslo Børs. Kongsberg hadde i  2015 tilnærma 7700 tilsette og 17 milliardar kroner i omsetnad.

Patria-konsernet leverer ei rekke produkt og tenester til det finske forsvaret og kundar i utlandet, blant anna pansra kjøretøy og kommando- og kontrollsystem. Eit hovudområde for Patria er fly- og helikoptervedlikehald samt produksjon av avansert kompositt, aerostrukturer og høgteknologiske komponentar for fly og helikopter. Det deleigde dotterselskapet Millog utfører vedlikehald av den finske hæren og sjøforsvaret sitt materiell.

Den norske stat og Patria eig 50 prosent kvar av forsvarskonsernet Nammo, som har hovudkontor på Raufoss.

Pressekontakter:
For næringsministeren: Pressevakta i NFD, 90251303 (ikkje sms),
media@nfd.dep.no
For forsvarsministeren: Pressevakta i FD, 23096011,
fdinfo@fd.dep.no