Historisk arkiv

Konkurransetilsynet har vurdert forslaget om marknadsbalansering frå KLF og Nortura

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) og Nortura har fremja eit felles forslag til ny marknadsbalanseringsordning for kjøtt- og eggsektoren. Forslaget inneber auka samarbeid mellom Nortura og KLF og Regjeringa ba medio september Konkurransetilsynet om å vurdere forslaget.

Konkurransetilsynet konkluderer i si vurdering at med at det er betydeleg fare for at forslaget frå KLF og Nortura vil svekkje konkurransen i kjøtt- og eggmarknadene og kunne føre til høgare pris for forbrukar, lågare innovasjonstakt og svakare incentiv til effektivisering. Dei konkluderer også med at forslaget går betydeleg lengre enn det som ligg i primærnæringsunntaket i dag, ved at det ikkje heimlar samarbeid med uavhengig matindustri (som ikkje kan reknast som ein organisasjon for primærprodusentar).

– Når forslaget frå Nortura og KLF kom var eg avventande skeptisk til om dette forslaget ville svekkje konkurransen i marknaden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Eg registrerer svaret frå Konkurransetilsynet og vil ta dette med som ein del av mitt vurderingsgrunnlag i arbeidet med Jordbruksmeldinga, seier Dale.