Vis heile kalenderen

07.02.2018

  • Kontaktutvalet

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Statsministerens kontor

    Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet.

    Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.30. Adresse: Glacisgata 1.

    Møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 13.30. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 13.00. Ta med gyldig pressekort og id.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.