Samferdselsministeren testar kontoret #påsporet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

16. og 17. mars flyttar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kontoret sitt til jernbanen. I to dagar skal politisk leiing i Samferdselsdepartementet ut og oppleve så mykje jernbane som mogleg.

 

For fleire bilder: Togturane på vårt interaktive kart

- Vi flyttar no kontora ut i togkupear over heile landet for betre å sjå korleis jernbanekvardagen er i praksis. Det gir ein breiare innfallsvinkel enn berre å lese dokument og sitje i møte i departementet. Vi har i tillegg gode erfaringar med å teste veginfrastruktur frå køyreturane på E6, E18 og hovudvegsambanda mellom Oslo og Bergen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Jernbanen har ei spesielt viktig rolle for pendlarreiser i byområda og for godstransport. Vi skal styrkje satsinga, og har difor auka løyvingane til jernbane med rundt 50 prosent etter regjeringsskiftet. No må vi òg sikre at midlane brukas på ein best mogeleg måte, seier samferdselsminister. 


På kontoret i drygt 3000 kilometer
Politisk leiing ønskjer å hauste så mange erfaringar som mogleg, og skal difor køyre så mykje tog og teste så mange togtilbod som mogleg i løpet av to dagar. Alt i alt skal politikarane sitje på toget i drygt 3000 kilometer, og toga skal stoppe ved mellom 200 og 300 stasjonar. Fem lag skal dele på å løyse denne oppgåva. Politisk leiing i Samferdselsdepartementet kjem til å leie fire av laga. Leiar Linda Hofstad Helleland i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har ansvaret for eitt lag.

-  På togturane skal vi snakke med dei som opplever jernbane- togkvardagen i dag. I togkupeane vil vi møte pendlarar, godstransportørar, næringslivsfolk, politikarar og tilsette i jernbaneetatar og togselskap. Vi må både ha store visjonar for jernbanen på lang sikt, samstundes som vi får løyst utfordringar på kort sikt. Det er utvilsamt naudsynt å ta tak i viktige infrastrukturtiltak som kan gjerast i nær framtid. Dette omfattar mellom anna vedlikehald, plattformlengder, kryssingsspor og rassikring. Når det gjeld togtilbodet, er frekvens, kundeinformasjon, nettilgang, togmateriell og ståplassproblematikk døme på tema vi vil snakke om i togkupeen. Vi er opptekne av kva som fungerer og kva som kan gjerast betre, både på kort og lang sikt. Dette er òg aktuelt i samband med at regjeringa denne våren skal leggje fram ei jernbanereform, seier Solvik-Olsen.

Dei fem laga og reiserutene
Pressa er velkomen om bord i toga for å intervjue politikarane. Journalistar må betale billett på vanleg måte for strekninga dei er om bord. Det same prinsippet gjeld òg for lokalpolitikarar, representantar for pendlarorganisasjonar, næringslivsfolk m.fl. som skal snakke med politikarane på toga.

Dei fem laga - med lagleiarar, reiseopplegg og avreisetidspunkt i parentes - er som følgjer: 

Lag 1 - Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
16. mars: Oslo (kl. 07.25) – Kristiansand, Kristiansand (kl.14.08) – Egersund, Egersund (kl. 16.21) – Ganddal, Ganddal (kl. 18.40) – Stavanger

17. mars: Bergen (kl. 06.51) – Voss, Voss (kl. 09.10) – Oslo

Kontaktperson for pressa: Edvard Andersen, e-post: ean@sd.dep.no, mobil: 905 11 667

Lag 2 -  Stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland
16. mars: Oslo (kl. 07.25) – Kristiansand
17. mars: Trondheim (kl. 08.23) - Oslo (på Dovrebanen)

Kontaktperson for pressa, frå 13. mars kl. 15.00: Politisk rådgjevar Oliver Husøy, e-post: oliver.husoy@stortinget.no, mobil: 907 94 758

Lag 3 – Statssekretær John-Ragnar Aarset
16. mars: Steinkjer (kl.12.28) –Trondheim

17. mars: Oslo (kl. 0818) - Moss, Moss (kl. 09.44) - Halden, Mysen (kl. 12.53 ) - Ski, Ski (kl. 13.43) – Oslo

Kontaktperson for pressa 16. mars: Ta kontakt via pressevakta i Samferdselsdepartementet, e-post: sdinfo@sd.dep.no, mobil: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Kontaktperson for pressa 17. mars:  Susanne M. Stephansen, Kommunikasjonsavdelinga, Samferdselsdepartementet, e-post:  sms@sd.dep.no, mobil: 480 32 792

Lag 4 – Statssekretær Bård Hoksrud
16. mars: Oslo (kl. 10.04) - Kongsvinger, Dal (kl. 12.53) – Lillestrøm, Lillestrøm (kl. 13.40) – Oslo (på Hovedbanen), Oslo (kl. 15.02) - Gjøvik

17. mars: Oslo (kl. 09.09) - Kongsberg, Larvik (kl. 12.19) - Asker, Asker (kl. 14.07) - Oslo

Kontaktperson for pressa: Ruth Lillegraven, e-post: ruth.lillegraven@sd.dep.no, mobil: 974 80 811   

Lag 5 - Statssekretær Tom Cato Karlsen
16. mars: Bodø (kl. 12.27) – Trondheim
17. mars: Trondheim (kl. 09.45) – Hamar (via Rørosbanen), Hamar (kl. 16.03) - Oslo

Kontaktperson for pressa: Kari Bjønness, e-post: kbj@sd.dep.no, mobil: 995 86 421

Dei fem laga kan følgjast på: