Historisk arkiv

Kor er Noregs mest attraktive stad?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for andre gong i 2013. Fristen for å sende inn forslag er 26. februar.

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for andre gong i 2013. Fristen for å sende inn forslag er 26. februar.

Prisen skal delast ut til ein kommune eller andre aktørar, som gjennom å involvere offentlege, frivillige og private krefter har vore med på å auke attraktiviteten til ein stad og folk si oppleving av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit. Vinnaren får 250 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Alle kan foreslå
Alle kan levere inn forslag på kandidatar. Forslaga må gje ei kort skildring av kva som gjer den føreslegne staden attraktiv, og kva tiltak som har hatt effekt for dette. Forslag kan sendast til www.facebook.com/norges.beste.sted innan 26. februar 2013. Sjølve prisutdelinga vil skje i siste del av mai.

- God utforming av dei fysiske omgjevnadene er viktig for næringsutvikling, tilflytting, trivsel, innbyggjarane si oppleving av tilhøyrsle og stoltheit for heimstaden. Eg håpar prisen løftar fram spanande døme og arbeidsmåtar til inspirasjon for heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fjorårets prosess
- Det var stor interesse for prisen i 2012. Det blei sendt inn nominasjonar på om lag 240 ulike stader i heile landet. Konkurransen skapte stort engasjement, og det er eg særs nøgd med, seier statsråd Liv Signe Navarsete. Ulsteinvik gjekk sigrande ut av konkurransen i hard konkurranse med andre gode kandidatar. Eg gleder meg til å sjå kva stader som blir nominert i år og vil følgje dette arbeidet tett, understrekar statsråd Navarsete.

For meir informasjon sjå www.distriktssenteret.no  

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.