Historisk arkiv

Kor mange unge funksjonshemma bur på aldersheim?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet

Nr. 100 
27.11.95       

Kor mange unge funksjonshemma bur på aldersheim?

På oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet har Norsk Folkehjelp og Norges Handikapforbund kartlagt kor mange unge funksjonshemma som i dag bur på alders- og sjukeheim.

Regjeringa vil no setje i verk tiltak for å bistå kommunane i arbeidet med å flytte denne gruppa ut av institusjonane. Norsk Folkehjelp, Norges Handikapforbund og Sosial- og helsedepartementet har derfor invitert kommunane til ein konferanse:

Tid: onsdag 29. november kl. 10.00
Stad: Plenumsalen i R4, regjeringskvartalet, Pløensgt. 8

På konferansen vil organisasjonane og departementet

  • Presentere resultata frå granskinga
  • Orientere om korleis kommunane kan organisere omsorgstenestene
  • Informere om at kommunar som vil byggje eigne omsorgsbustadar til dei unge som i dag bur på alders- og sjukeheim kan søkje om støtte frå departementet. Regjeringa har for neste år løyvd 70 millionar kroner.

Media kan få intervju med sosialminister Hill-Marta Solberg. Konferanseprogrammet er vedlagt.

Velkommen!


Lagt inn 27 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen