Konferanse om inkludering og spesialpedagogikk

Korleis kan barn og unge få betre hjelp?

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til ein konferanse der unge med behov for tilrettelagd undervisning vil fortelje korleis dei sjølv meiner dei kan få betre opplæring og bli meir inkludert i skolen.

Regjeringa har satt ned ei ekspertgruppe for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging. Gruppa skal sjå på korleis barn og unge med behov for ekstra hjelp eller spesialundervisning kan få eit pedagogisk tilbod med høg kvalitet og bli betre inkludert i skolen og barnehagen. 

Kunnskapsministeren vil presentere den nye ekspertgruppa på konferansen. Ungdomane vil møte ekspertgruppa, representantar for kommunar, skoler, barnehagar og andre fagfolk. 

Stad: Litteraturhuset,  Wergelandsveien 29, Amalie Skram salen

Tid: Tysdag 21. mars klokka 09:00 – 13:00 

Vi ber journalistar som ønsker å delta på konferansen eller intervjue deltakarane om å ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Anne Sofie Holter, tlf.: 98496058, e-post: ash@kd.dep.no. Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren i pausen klokka 10:30. 

Program

Les meir om ekspertgruppa

Konferansen blir strøymd på Facebook

Still spørsmål på sms til 99214610