Historisk arkiv

Korleis kan sivilsamfunnet gjere meir for betre integrering?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Frivillige og det sivile samfunnet gjer mykje for at innvandrarar skal bli best mogleg integrerte. Men kva verkar? Og kva kan det gjerast meir av? På eit seminar torsdag 15. april klokka 10.00, presenterer Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor ei oppsummering om forsking og kunnskap på området.

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, som leiar  arbeidet med regjeringas strategi for å styrke sivilsamfunnets rolle på integreringsfeltet. Frivillighet Norge og Bydelsmødre vil følgje presentasjonen, og diskutere funna.

Kunnskapsoppsummeringa vil vere eit viktig grunnlag for regjeringas strategi for auka integrering i sivilsamfunnet.