Historisk arkiv

Korona hindrar ikkje vidareutdanning for lærarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

95 prosent av lærarane som tok vidareutdanning våren 2020, sa dei ville fullføre studiane. Dei fleste var nøgde med kvaliteten på nettundervisninga.

Det viser ei undersøking frå NIFU som blei publisert i dag.

– Det er veldig bra at over ni av ti lærarar seier dei vil  fullføre vidareutdanninga dei er i gang med sjølv om smittesituasjonen gjer det meir utfordrande. Dette viser at mange lærarar er motiverte for fagleg påfyll, og at utdanningsstadene har gjort ei god jobb med å tilpasse undervisninga, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Nøgde med nettundervisning, men sakna kollegaer

Før koronakrisa fekk dei fleste som tok vidareutdanning, forelesingar på lærestadene, og dei hadde fysiske samlingar med medstudentar. Sidan mars blei all undervisning flytta over på nett. 82 prosent  av deltakarane seier dei var nøgde med kvaliteten på undervisninga. Samstundes seier mange at dei sakna dei fysiske treffa.

Fleire må ha fordjuping innan 2025

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teknspråk og samisk på barneskolane har minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskolelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i de same faga.

Sidan skoleåret 2015-16 har regjeringa med satsing på vidareutdanning sørgt for at 40 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning, men enno er det mange lærarar som underviser i fag dei ikkje har nok fordjuping i, og som treng vidareutdanning innan 2025, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Hausten 2020 har eit nytt kull på 6000 lærarar starta på ei vidareutdanning.

– Gode og kvalifiserte lærarar er det viktigaste for elevane og deira læring. Derfor er det viktig at kommunane prioriterer vidareutdanning også framover. Det kan bli krevjande med smittesituasjonen, men samstundes har vi også fått meir erfaring som vi bør bruke i det vidare arbeidet med vidareutdanning, seier Melby.  

Fakta:

- Lærarane i denne NIFU-undersøkinga ble spurde i juni 2020. Tal på kor mange som faktisk fullførte, er enno ikkje klare.

- 6000 lærarar fekk tilbod om vidareutdanning skoleåret 2019-20.

- NIFU har gjort liknande undersøkingar tidlegare, men dette er første gongen dei har spurt om korleis koronasituasjonen har påverka utdanninga.

- Sju av ti lærarar som har tatt vidareutdanning seier det har hatt god effekt på undervisninga deira, seier NIFU-undersøkinga for deltakarane skoleåret 2018-19.

- Les heile rapporten frå NIFU: http://www.udir.no/videreutdanning_under_korona

 

Les meir om satsinga regjeringa gjer på Lærerløftet for å få fleire kvalifiserte lærarar.