Historisk arkiv

Korrigering av svar på spm. 1537 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Flypassasjeravgifta

Eg viser til spørsmål nr. 1537 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad og mitt svar 9. september. I mitt svar skrev eg følgjande:

 «Per 5. september var det 43 registrerte avgiftspliktige.»

I ettertid er eg gjort merksam på at dei 43 registreringane berre representerer 22 ulike registrerte avgiftspliktige verksemder. Av desse verksemdene er alle, unnateke ein, registrert for både innanlandsflyging og flyging til utanlandske lufthamner, som gjer 43 avgiftstilknytingar. I mitt svar av  9. september blei talet på avgiftspliktige forveksla med talet på avgiftstilknytingar. Den rette formuleringa ville ha vore:

«Per 5. september var det 43 registrerte avgiftstilknytingar. Desse representerer 22 ulike registrerte avgiftspliktige verksemder.»

Med helsing
Siv Jensen