Historisk arkiv

Kraftig styrking av bustøtta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil styrkje bustøtta med 1 milliard kroner. Om lag 50 000 nye husstandar kan då få støtte. - Satsinga er eit stort løft i kampen mot fattigdom, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa vil styrkje bustøtta med 1 milliard kroner. Om lag 50 000 nye husstandar kan då få støtte. - Satsinga er eit stort løft i kampen mot fattigdom, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.  

I forslag til statsbudsjett for 2009 føreslår regjeringa å utvide den statlege bustøtteordninga. I dag fremjar regjeringa ein proposisjon for Stortinget som gjer nærare greie for forslag til nye reglar for bustøtta.

Mange vanskelegstilte kan ikkje få bustøtte i dag på grunn av strenge reglar. Etter forslaget skal alle, med unntak av studentar utan barn og militære, no kunne få bustøtte viss dei fyller krava til behovsprøving. Om lag 10 000 fleire barnefamiliar og 40 000 aleinebuande og par utan barn vil då kome inn under ordninga. Desse kjem i tillegg til dei om lag 100 000 husstandane  som i dag får bustøtte.

Omlegginga gir betydeleg enklare reglar. Kravet om at personar utan barn må ha trygd for å få bustøtte, blir fjerna. Krava til bustaden blir forenkla og moderniserte slik at òg dei som bur i bustader utan eigen kjøkken og soverom kan få støtte. Vidare vil krav til korleis bustaden er finansiert, bli fjerna. Desse forenklingane saman med heving av inntektsgrensene opnar for at nye mottakarar kjem inn under ordninga.

Regjeringa føreslår innføring av ny ordning frå 1. juli 2009.

Styrking av bustøtta vil vere til stor hjelp for unge og andre med svak økonomi som skal etablere seg i eigen bustad. Dei som slit med høge husleiger og høge renter på bustadlåna vil òg kunne få det lettare. – Alle har krav på ein trygg og god bustad, seier Kleppa.

Nokre døme:

  • Barnlause utan trygd og ei inntekt på 100 000 kroner: I dag ikkje bustøtte. Får: 31 000 kroner.
  • Familie på 4 med 150 000 kroner i inntekt: Støtta aukar frå 25 000 kroner til 35 000 kroner i året.
  • Familie på 4 med 200 000 kroner i inntekt: Får ikkje bustøtte i dag. Får 22 000 kroner i ny ordning.

Merk: I alle døma er det gjort føresetnader om høge buutgifter og at dei bur utanfor pressområda i ein privat bustad.

Kommunal – og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.