Krav om politiattest for fleire yrkesgrupper

Regjeringa fremmer i dag eit lovforslag om å krevje politiattest for fleire yrkesgrupper som har kontakt med barn og unge. Målet er å førebyggje overgrep og vald mot barn.

- Regjeringa prioriterer innsatsen mot vald og overgrep høgt. Vårt fremste mål er å hindre at overgrep skjer. Sjølv om innhenting av politiattest i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg for å hindre vald og overgrep mot barn, er det eit viktig førebyggjande tiltak, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Målet med å styrkje krava til politiattest er å redusere risikoen for at barn kjem i kontakt med personar som har utsett andre for overgrep tidlegare.

Forslaget gjeld desse gruppene:

  • tilsette ved Barneombodet og familievernkontora som skal utføre oppgåver som føreset eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige
  • sakkunnige som blir oppnemnde av det offentlege i saker etter barnevernslova og barnelova
  • representant for barnet som blir oppnemnt i saker etter barnelova
  • eksterne meklarar etter barnelova og ekteskapslova.

Dette er yrkesgrupper som i en del tilfelle har samtaler med barnet aleine, og det kan oppstå eit tillits- eller ansvarsforhold overfor barnet. Det er ikkje heimel til å krevje politiattest for desse gruppene i dag.

- Yrkesgruppene har til felles at dei gjerne er i kontakt med barn og unge i ein spesielt sårbar situasjon, til dømes på grunn av samlivsbrot mellom foreldra eller andre vanskelege saker. Det er derfor ekstra viktig at vi gjer det vi kan for å forsikre oss om at desse vaksne ikkje har ein bakgrunn som gir grunn til å tru at dei kan utsette barn for vald eller overgrep, seier Toppe.

Forslaget var på høyring i 2019 og fekk brei støtte av høyringsinstansane.