Historisk arkiv

Kredittmeldinga 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Hushalda si gjeldsbelastning auka kraftig i 2006 synar Kredittmeldinga. Ved utgangen av 2006 var gjeldsbelastninga på om lag 190 prosent, som er 20 prosentpoeng høgare enn i 2005. – Det er eit auka behov for informasjon frå bankane om konsekvensane av renteauke og mogleg fall i bustadprisane, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Hushalda si gjeldsbelastning auka kraftig i 2006 synar Kredittmeldinga. Ved utgangen av 2006 var gjeldsbelastninga på om lag 190 prosent, som er 20 prosentpoeng høgare enn i 2005.  – Det er eit auka behov for informasjon frå bankane om konsekvensane av renteauke og mogleg fall i bustadprisane, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Kredittmeldinga 2006 blei lagt fram i dag. Meldinga inneheld mellom anna ein omtale av den finansielle stabiliteten. Vidare omtales utøvinga av pengepolitikken og verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Gode resultat i finansinstitusjonane
Finansinstitusjonane har hatt gode resultat dei siste åra. For bankane kan dei gode resultata mellom anna forklarast med auka utlånsvolum og låge utlånstap. Den sterke veksten i aksjemarknaden siste halvdel av 2006 bidrog særleg til at livsforsikringsselskapa sine resultat betra seg i 2006.

Auke i hushalda si gjeld
Hushalda si gjeldsbelastning (gjeld i prosent av disponibel inntekt) auka kraftig i 2006. Ved utgangen av 2006 var gjeldsbelastninga på om lag 190 prosent, som er 20 prosentpoeng høgare enn ved utgangen av 2005. Framskrivingar som er gjort av Noregs Bank tydar på at gjeldsbelastninga til hushalda vil fortsette å auke dei næraste åra.

Sjølv om hushalda samla sett har høg finansformue, held hushalda med høg gjeldsbelastning lite av denne formuen. Hushalda med høg gjeldsbelastning kan derfor i liten grad trekkje på finansformuen om dei får betalingsproblem.

Den siste tida har ein sett tendensar til at fleire vel lengre nedbetalingstid og avdragsfrie periodar når lånet blir tatt opp. Det gjer at det tek lengre tid for låntakar å opparbeide ein auka buffer mellom lånebeløp og bustadverdi. Tilbod om lengre nedbetalingstid og avdragsfritak kan og føre til at enkelte blir freista til å låne meir, og auka omfang av slike lån kan verke drivande på bustadprisane. Lengre nedbetalingstid og avdragsfritak kan elles vere naudsynte tiltak om låntakar får problem med å betale avdrag og renter.

- Det er eit auka behov for informasjon frå bankane om konsekvensane av renteauke og mogleg fall i bustadprisane, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Sjølv om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi auka risiko, og da særleg den høge og stadig aukande gjeldsbelastninga til hushalda, blir utsiktene til finansiell stabilitet rekna som tilfredsstillande.

Departementet har òg merka seg at skadeforsikringsselskapa i 2006 hald fram med å ha gode resultat.
- Det er positivt at nye aktørar vil etablere seg i skadeforsikringsmarknaden, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet gir kvart år i Kredittmeldinga ei vurdering av utøvinga pengepolitikken året i førevegen.

Den underliggjande prisstiginga i 2006 var låg og vesentleg lågare enn inflasjonsmålet. Den låge inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling.

Renta har vore låg i lang tid og gitt vekstimpulsar til økonomien. I utøvinga av pengepolitikken i 2006 har Noregs Bank måtta vege omsynet til å bringe inflasjonen opp mot 2,5 prosent mot omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing.

Noregs Bank sette i løpet av 2006 opp styringsrenta med til saman 1,25 prosentpoeng, til 3,50 prosent. Hittil i 2007 er renta auka vidare til 4 prosent. Noregs Bank har anslått at renta framover gradvis vil bli sett opp. Departementet har ingen vesentlege merknader til Noregs Banks skjønnsutøving i pengepolitikken i 2006.

Det internasjonale valutafondet
Kredittmeldinga gir òg ein oversikt over aktuelle spørsmål knytt til verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Blant sentrale tema er stemmevekta og representasjonen til medlemslanda, den økonomiske overvakinga fondet driv og finansane til fondet. I tråd med Soria Moria-erklæringa har Noreg vore pådrivar for å sikre små og fattige land innverknad i fondet og for å gjennomføre det internasjonale gjeldsletteinitiativet. Noreg har også arbeidd for openheit i IMF, og vi legg vekt på å vere opne om vår eiga rolle i IMF-saker.

Vidare blir arbeidet med å forenkle vilkåra som fondet set for utlån til medlemsland omtala. Regjeringspartia uttala i Soria Moria-erklæringa at dei ikkje ville støtte låneprogram frå IMF og Verdsbanken som inneheld krav om privatisering og liberalisering. Regjeringa er ikkje prinsipielt imot einkvar privatisering eller liberalisering, men gjennomføring av slike tiltak må ha rot i eit ønske frå landa sjølve og ikkje kome som følgje av krav frå dei internasjonale finansinstitusjonane. Konferansen om lånevilkår som Utanriksdepartementet og Finansdepartementet arrangerte i fjor haust, har medverka til å gi et klarere bilete av kva som er situasjonen for bruken av lånevilkår i IMF og Verdsbanken i dag, og dermed til å gi eit betre grunnlag for den vidare oppfølginga av Regjeringas politikk på dette området.