Historisk arkiv

Kredittmeldinga 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

– Vi kan ikkje sjå bort frå at einskilde bankar kan få problem i år eller i 2010. Det er likevel lite truleg ut frå det vi no veit at vi får ei ny, omfattande bankkrise, seier finansminister Kristin Halvorsen.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at einskilde bankar kan få problem i år eller i 2010. Det er likevel lite truleg ut frå det vi no veit at vi får ei ny, omfattande bankkrise, seier finansminister Kristin Halvorsen.

I dei årlege kredittmeldingane vert det gjort greie for utsiktene til finansiell stabilitet. Vidare omtalast regelverksutvikling, løyve i større forvaltningssaker på finansmarknadsområdet, verksemda til Noregs Bank, verksemda til Kredittilsynet og verksemda til Det internasjonale valutafondet i det tilbakelagte år.

– Utsiktene til finansiell stabilitet svekka seg monaleg verda over i 2008. Den internasjonale finanskrisa har kraftige utslag òg i Noreg. For å stabilisere utviklinga i norsk finansnæring, har det vore heilt naudsynt å sette i verk omfattande og ekstraordinære tiltak. Dei tiltaka vi har satt i verk gir bankane betre tilgang på likviditet og ansvarleg kapital. At bankane no kan velje å nytte seg av tilgang til meir ansvarleg kapital, er viktig sidan kredittrisikoane til dei norske bankane har auka på grunn av den svakare realøkonomiske utviklinga, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Internasjonal finanskrise
Store tap på investeringar knytt til amerikanske bustadlån bidrog til at fleire større bankar og andre finansinstitusjonar, særleg i USA og Storbritannia, ikkje kunne halde fram verksemda utan hjelp frå styresmaktene. Etter konkursen i investeringsbanken Lehman Brothers midt i september i fjor, oppstod ei alvorleg tiltrusvikt, mangel på likviditet og uvanleg store påslag på pengemarknadsrentene verda over.

Den globale finanskrisa har virka kraftig inn i norske marknader og for norske føretak. Situasjonen i Noreg har likevel vore mindre dramatisk enn i fleire andre land, men resultata til dei norske finansinstitusjonane er monaleg svekt, særleg som følgje av fall i marknadsverdien på verdipapir.

Norske finansinstitusjonar
For bankane har tilgangen på likviditet til tider vore vanskeleg i 2008, og kostnadane for likviditetsinnhentinga har vore høge. Ein kraftig auke i tap på utlån til hushald og føretak mot slutten av året, bidrog til svekte resultat for bankane i 2008. Samla fekk bankane eit resultat før skatt på om lag 20 milliardar kroner, noko som er 30 prosent lågare enn i 2007, som var eit særs godt år. Bankane førte utlånstap på til saman 5,7 milliardar i 2008, mot 38 millionar i 2007.

Livsforsikringsføretaka fekk eit negativt resultat på om lag 20 milliardar kroner i 2008, når ein medreknar minskinga av kursreguleringsfonda. Bufferkapitalen til føretaka, som er den risikokapitalen føretaka har i tillegg til den lovpålagte ansvarlege kapitalen, utgjorde fire prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2008, ned frå sju prosent året før.

Undersøkingar frå Noregs Bank og Kredittilsynet syner at utlånsveksten gjekk ned gjennom 2008, særleg mot slutten av året. Tolvmånadersveksten i utlån til hushalda låg på om lag 7 prosent ved utgangen av året, den lågaste veksttakta sidan oktober 1999.

– Uvisse om utsiktene for norsk økonomi stiller no høge krav til risikostyringa i finansinstitusjonane. Livsforsikringsføretaka har lågare bufferkapital og evne til å handsame risiko no enn ved inngangen til 2008, og dei må tilpasse verksemda deretter. Det er særs viktig at porteføljesamansetninga til det einskilde føretak reflekterar den soliditet føretaket har, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Tiltak frå styresmaktene
Noregs Bank har gjennom 2008 gjennomført ei rekkje likviditetspolitiske tiltak for å betre den vanskelige situasjonen i finansmarknadene. Banken tilførte mellom anna mykje meir likviditet enn vanleg, samstundes som lånehøvet og løpetida på låna vart utvida. Rentekutta frå Noregs Bank saman med den statlege bytteordninga for obligasjonar med førerett, har dessutan bidrege til ei vesentleg letta situasjon for bankane.

Kapitaldekninga i norske bankar falt noko gjennom 2008, etter å ha vore stabil lenge. Bankane treng meir kapital i tida framover for å kunne handsame forventa tap, og for å møte strengare krav i marknaden til kapitaldekning. I likskap med styresmaktene i fleire andre land, har det òg i Noreg vore satt i verk tiltak med føremål å auke kapitalen i bankane. Statens finansfond som no er etablert skal gje bankane høve til å låne inn statleg kjernekapital, medan Statens obligasjonsfond skal kjøpe gjeldspapir utferda av norske føretak.

Rentesetjinga og likviditetspolitikken til Noregs Bank supplerer Regjeringa sine budsjettpolitiske tiltak og tiltaka retta mot bankane og kredittmarknaden for å motverke verknadene frå finanskrisa på norsk økonomi.

– For norsk økonomi er det viktig at særleg bankane ikkje strammar for mykje inn på kredittløyvinga til hushald og føretak. Dette vil forsterke nedgangskonjunkturen og såleis òg auke risikoen for vidare tap på utlåna til bankane. Styresmaktene har sett i verk omfattande tiltak for å forhindre at mangel på likviditet eller ansvarleg kapital i bankane tvinger dei til å stramme for mykje til, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Utøvinga av pengepolitikken
Noregs Bank har gjennom 2008 raskt justert si oppfatning av den økonomiske utviklinga etter kvart som ny informasjon har indikert svakare utsikter for norsk og internasjonal økonomi. Noregs Bank auka renta frå 5,25 til 5,75 prosent gjennom første halvår 2008, men sette ho ned frå 5,75 til 3,00 prosent i fjerde kvartal etter at utsiktene for utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing forverra seg. Hittil i 2009 er renta sett ytterlegare ned, til 2,00 prosent. Noregs Bank har anslått at banken i løpet av året vil setje renta vidare ned til om lag ein prosent.

Den underliggjande prisstiginga var i 2008 sett under eitt nær inflasjonsmålet. Det er no sannsyn for at prisstiginga ein periode vil kunne vere noko lågare enn inflasjonsmålet som følgje av minska prispress og svekte vekstutsikter for norsk og internasjonal økonomi, men det er utsikter til at ho vil nærme seg inflasjonsmålet att etter kvart som den økonomiske situasjonen blir meir normal.

– Det synest å vere brei tillit til inflasjonsmålet. I utøvinga av pengepolitikken i 2008 har Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for vesentlege merknader til Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2008, seier finansministeren.

Det internasjonale valutafondet (IMF)
Kredittmeldinga gir ei oversikt over verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Meldinga gjer greie for aktuelle spørsmål som IMFs handtering av finanskrisa, endringar i låneordningane, reformer av organisasjonen sitt styresett og IMFs arbeid for å forebygge og løyse økonomiske kriser i medlemslanda. Regjeringa understreker at IMF med sin breie representasjon bør ha ei sentral rolle i det internasjonale arbeidet for betre regulering av finansmarknadene og førebygging av nye kriser, slik G20-landa diskuterte på sitt toppmøte i London 2. april.

– Finanskrisa har vist at verda treng ein internasjonal organisasjon som IMF, men også at det er behov for å gjere endringar i både styresettet, prioriteringane og arbeidsmåtane til organisasjonen. G20-initiativa for å følgje opp den internasjonale finanskrisa treng ei sterk forankring i det multilaterale systemet. IMF må derfor forsterke sin innsats på finansmarknadsspørsmål og få ei sterkare rolle i overvakinga av finansiell stabilitet, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Kredittmeldinga gjer vidare greie for IMFs arbeid i låninntektsland. Finansdepartementet har i fleire år arbeidd for å forenkle vilkåra IMF set for utlån til medlemsland. Regjeringa er derfor svært nøgd med at IMF har vedteke å avgrense dei strukturpolitiske krava som IMF stiller, slik at ein får betre nasjonalt eigarskap og tilpassing av programma til landspesifikke høve. Det pågår òg ein gjennomgang av IMF si rolle i låginntektsland, og meldinga diskuterer på kva måte organisasjonen best kan bidra til økonomisk vekst og utvikling i desse landa.

– IMF bør ikkje drive med langsiktig utviklingsfinansiering. Slik finansiering bør overlatast til Verdsbanken og FN-systemet. Samstundes må ein sikre at IMF er i stand til å møte dei akutte behova for kortsiktige lån som medlemslanda kan få framover, seier finansminister Kristin Halvorsen.

_____________________

Kredittmeldinga 2008