Historisk arkiv

Krifast: Bompengar framskundar utbygging på stamvegane E39 og riksveg 70

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Utvidinga av bompengeinnkrevjinga på Krifast vil vere med på å framskunde utbygginga av tryggare og betre veg på to viktige stamvegstrekningar på Nordmøre. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om utviding av bompengeinnkrevjinga på Krifast, fastlandsambandet for Kristiansund, i Møre og Romsdal.

- Utvidinga av bompengeinnkrevjinga på Krifast vil vere med på å framskunde utbygginga av tryggare og betre veg på to viktige stamvegstrekningar på Nordmøre.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om utviding av bompengeinnkrevjinga på Krifast, det vil seie fastlandsambandet for Kristiansund, i Møre og Romsdal.

Utvidinga av bompengeinnnkrevjinga vil gjere det mogeleg å sikre finansiering og utbygging av strekningane Knutset – Høgset på E39 i Gjemnes kommune og Brunneset – Øygarden på riksveg 70 i Tingvoll kommune.

I framlegget er det lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga må forlengjast med om lag tre år og 10 månader, rekna frå datoen for nedbetaling av eksisterande bompengelån. Det er no venta at det eksisterande bompengelånet vil vere nedbetalt i løpet av våren 2008.

Samferdselsdepartementet har mellom anna lagt vekt på at Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta opplegget med å vidareføre innkrevjinga av bompengar.

E39 Knutset – Høgset

Prosjektet E39 Knutset – Høgset vil erstatte ei strekning på E39 med dårleg standard.

Det har også skjedd ein del ulukker på strekninga. Den planlagde vegen blir 4,5 kilometer lang, medrekna 700 meter med tunnel. Stamvegen E39 blir med dette innkorta med 1,4 kilometer. Anleggsarbeidet kan starte i løpet av hausten 2008. 

I framlegget frå regjeringa er det lagt til grunn at prosjektet skal fullt ut finansierast gjennom innkrevjing av bompengar. Prosjektet er rekna å koste 164 millionar kroner.

Riksveg 70 Øygarden – Brunneset

Prosjektet riksveg 70 Brunneset – Øygarden omfattar bygging av ein tunnel på 1050 meter og utbetring av eksisterande veg til stamvegstandard. I tillegg skal det byggjast 260 meter gang- og sykkelveg ved Øygarden. Anleggsarbeidet kan starte i 2009.

Prosjektet har ein kostnad på 210 millionar kroner. Av dette skal 180 millionar kroner dekkjast ved hjelp av bompengar, medan 30 millionar kroner blir finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet.


Til toppen