Historisk arkiv

Krigsgravplassane på Tjøtta vert gjenopna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Statssekretær Bård Folke Fredriksen opnar torsdag 27. oktober Tjøtta sovjetiske og Tjøtta internasjonale krigsgravplassar i Alstahaug kommune. Det har tatt sju år og kosta om lag 10 millionar kroner å finne namn på om lag 4000 av dei gravlagde, og å merke og ruste opp gravplassen.

Statssekretær Bård Folke Fredriksen taler ved gjenåpningen av Tjøtta.
Statssekretær Bård Folke Fredriksen taler ved gjenåpningen av Tjøtta. Foto: Inger Lise Lerø / KUD

- Det er kvar ny generasjon si oppgåve å ta vare på minnet om krigsofra, seier statssekretær Bård Folke Fredriksen. Krigsgravplassane på Tjøtta er no rusta opp så dei døde kan kvile i fred. Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard ein verdig minnestad for dei etterlatne og ei stadig påminning for oss alle, seier han.

Bakgrunn

I løpet av andre verdskrigen vart om lag 100 000 sovjetiske krigsfangar tvangssende til Noreg. Den tyske okkupasjonsmakta sette dei til å arbeide med utbygging av jernbane, vegar og festningsanlegg over heile landet, og særleg i Nord-Noreg. På Tjøtta sovjetiske krigsgravplass vart 8000 av dei omkomne samla i 1951.

Historia til dei sovjetiske krigsfangane var i mange år ein nokså ukjend del av vår krigshistorie. Mange av dei gravlagde visste vi ikkje kven var.

I 2009 ga Kulturdepartementet Falstadsenteret i oppdrag å gjennomføre eit forskingsprosjekt for å søkje etter namn på dei ukjende gravlagde. Dei fann om lag 4000 nye namn. Desse er no tilgjengelege i ein søkbar database (krigsgraver.no).

Kulturdepartementet ønskte å merke krigsgravplassen på Tjøtta med dei nye namna som vart funne. Norconsult fekk i oppdrag å utforme oppsettinga av bronseplater med namn på dei gravlagde, samt ei generell opprusting av det historiske gravplassanlegget. Eit vilkår var å bevare den høge landskapsarkitektoniske kvaliteten i anlegget. Anlegget var i si tid teikna av landskapsarkitekt Karen Reistad.

Etter anbodskonkurranse fekk Steinriket Eikner Naturstein AS tildelt oppdraget med å produsere og montere minneplatene. Dei engasjerte det tyske firmaet Strassacher som underleverandør for å produsere bronseplatene.

Park- og landskapsarbeida vart tildelt det lokale firmaet Gartneriet Grythatten AS.

Den lokale gravplassmyndigheten, Alstahaug kyrkjelege fellesråd, har fått ansvaret for å vedlikehalde anlegget. Dette vert finansiert med eit årleg tilskot frå Kulturdepartementet.