Historisk arkiv

Krisepakke til besøkssenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa omdisponerer 6,5 millionar kroner i nysalderinga av statsbudsjettet til krisepakke til besøkssenter med store tap grunna koronapandemien.

 - Fleire av besøkssentera våre har hatt store tap på grunn av sviktande besøk frå norske og utanlandske turistar under pandemien. Difor har vi omdisponert inntil 6,5 milionar kroner for å dekkje opp delar av omsetningssvikta til dei hardast råka besøkssentera i 2020, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Det finst 32 autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv over heile landet som mottek offentleg tilskot gjennom ei statleg autorisasjonsordning. Sentera mottek tilskot med formål å informere og formidle natur- og kulturarv knytt til bestemte geografiske område.

Sentera er ulikt organisert, men dei har det til felles at dei er gjeve ein statleg autorisasjon med særskilde krav mellom anna til utstillingar og opningstider. Det statlege tilskotet er for mange senter berre ein mindre del av den samla økonomien. Mange har i normalår ei betydeleg omsetning frå billett- og salsinntekter.

...........................................................

MERK! Denne pressemeldinga vart endra 25.11.2020. Den opphavlege tittelen "Krisepakke til besøkssenter for natur- og verdsarv" var misvisande.  Midla er foreslått løyva til naturinformasjonssenter, slik det går fram av proposisjonsteksten.