Kristin Halvorsen er utnemnt til ny nestleiar i China Council for miljø og utvikling

CICERO-direktør Kristin Halvorsen er utnemnt til ny nestleiar i China Council for International Cooperation on Environment and Development. Rådet er eit høgnivåråd satt saman av kinesiske og internasjonale ekspertar som gjev råd om klima- og miljøspørsmål til den kinesiske toppleiinga.

- China Council for International Cooperation on Environment and Development er ein viktig del av det langvarige miljøsamarbeidet mellom Kina og Noreg. Rådet er ein sentral arena for å gje innspel til Kinas nasjonale og internasjonale politikk på klima- og miljøområdet. Eg er trygg på at Kristin Halvorsen vil spele ei viktig rolle som nestleiar i dette forumet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Saman med mellom anna Canada, Tyskland og Sverige er Noreg ein viktig partnar av CCICED, og fleire tidlegare statsrådar frå Noreg har hatt verv i rådet. Kristin Halvorsen tek over rolla som nestleiar etter tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen. 

- Kina er ein av verdas viktigaste aktørar å jobbe med for å handtere klimaendringar og andre miljøutfordringar. Å bli utnemnt som nestleiar i CCICED er ei spennande moglegheit til å gje innspel om viktige spørsmål til kinesiske myndigheiter, og noko eg ser frem til å ta fatt på, seier Kristin Halvorsen.

I tillegg til å sjå på og gje råd om nasjonale utfordringar i Kina kjem China Council for International Cooperation on Environment and Development  med tilrådingar om Kina si rolle internasjonalt. Mellom anna er det å sjå på klima- og miljøsidene av Kina sine utlandsinvesteringar gjennom landets nye silkeveginitativ (Belt and Road Initiative) eit arbeidsspor i rådet. 

Bakgrunn

China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED) er eit internasjonalt råd som med utgangspunkt i tematiske policy-studiar gjev tilrådingar til kinesiske myndigheiter på høgste nivå (State Council) om miljø- og utviklingsspørsmål. 

Rådet blei oppretta i 1992, og er i dag leia av Kinas høgst rangerte visestatsminister Han Zheng. I tillegg til å sjå på og gje råd om Kinas nasjonale utfordringar rettar høgnivårådet no meir merksemd mot Kina si rolle internasjonalt. 

Kristin Halvorsen var finansminister frå 2005 til 2009 og kunnskapsminister frå 2009 til 2013. Ho er i dag direktør for CICERO senter for klimaforsking. Ho er òg styreleiar i Naturhistorisk museum.

Børge Brende og Vidar Helgesen er andre tidlegare norske statsrådar med erfaring frå leiinga i CCICED. Erik Solheim, i kraft av si rolle som tidlegare leiar av UNEP, har òg blitt valgt inn i rådet. 

Tidlegare direktør for Norsk polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther, og tidlegare forskingsdirektør i CICERO Senter for klimaforsking, Knut Alfsen, bidrar også  som ekspertar i CCICED.

RETTELSE: I den opprinnelige versjonen av denne pressemeldingen sto det at Kristin Halvorsen er leder av Bioteknologirådet. Kristin Halvorsen var leder for Bioteknologirådet fram til 2019, men hun er det ikke lenger. Pressemeldingen er korrigert 3.juni, 2021»