Presseinvitasjon:

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja presenterer museumsmeldinga

Stortingsmeldinga "Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid" drøftar vegen vidare for museumssektoren i eit generasjonsperspektiv. Meldinga vurderer utviklinga i sektoren i lys av museumsreforma og viser ambisjonane for regjeringas museumspolitikk framover.

Nett-tv Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja presenterer museumsmeldinga

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Strøyming av presentasjonen kan fylgjast direkte på regjeringa.no fredag 26. mars kl. 13.00. Arrangementet blir strøyma frå Teknisk Museum i Oslo.

Det blir ikkje anledning for journalistar å delta på sjølve presentasjonen, men ved ønskje om intervju i samband med lanseringa kan pressa kontakte nestleiar i Kommunikasjonseininga Simon Stjern: simon.stjern@kud.dep.no, mob. 976 50 301.