Historisk arkiv

Kulturdepartementet gir 100 000 til ny eksportpris for norsk musikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet finansierer stipendet til den nyoppretta Eksportprisen for norsk musikk. Prisen er initiert av Music Norway og Spellemann og skal heidre musikarar som fremjar norsk musikkeksport.

- Norsk musikk er i vinden som aldri før, med sterke namn på internasjonale scener, men òg bak kulissane. Med dette stipendet ønskjer vi å bidra til at norsk musikk kan bli ei sterk eksportvare også i neste generasjon, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Stipendet heiter "Det var her det begynte" og går til ein kandidat som i løpet av 2015 har bidratt til å synliggjere norsk musikk internasjonalt. Ideen er at prismottakaren skal gi pengane vidare til ei viktig kjelde eller eit miljø som har bidratt til at prisvinnaren byrja med musikk og motiverte til vidare musikalsk utvikling. 

Prisen består av spellemannstrofeet, det offisielle diplomet og eit stipend på 100 000 kroner frå Kulturdepartementet.

Ein jury på fem fagpersonar skal velje prismottakaren ut frå kriterium som bidrag til noregs-profilering, godt entreprenørskap, kunnskapsdeling og kompetanseoverføring. Juryen vil òg sjå på relevante salstal (fysisk platesal, strømming, nedlastingstenester, radiospeling m.v.). Prisvinnaren vert annonsert i mai, og prisen skal delast ut i byrjinga av juni under Music Norways årlege sommarfest.