Historisk arkiv

Kulturdepartementet har fått sluttrapport frå framtidsstudie om kulturpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har fått rapporten frå ein framtidsstudie om kulturpolitikk, gjennomført av analyse- og rådgjevingsselskapet inFuture.

Korleis kan kulturpolitikken best fremje norsk språk og kultur, når påverknaden frå globale, digitale aktørar på kulturproduksjon og –distribusjon stadig blir større? Korleis kan kulturpolitikken bidra til mangfald og fellesskap, dersom færre deltar i den offentlege debatten og demokratiet blir utfordra av ekkokammer og falske nyhende? Og korleis kan kulturpolitikken fremje legitimitet for bruk av offentlege pengar til kultur, samstundes som statsfinansane blir svakare? Dette er nokre av spørsmåla som blir omtalt i rapporten.

Rapporten "Fremtidens kultur i et brukerperspektiv

Camilla Tepfers foran dei ansatte i Kulturdepartementet.
Partner i inFuture Camilla Tepfers presenterte rapporten for Kulturdepartementets ansatte. Foto: KUD/Wenche Nybo

– Samfunnet har gått gjennom store endringar sidan siste kulturmelding blei lagt fram for femten år sidan. Vi skal skape kulturpolitikk for ei ny tid. For å lukkast med det må vi tilpasse oss dei endringane vi møter. Framtidsstudien har gitt oss høve til å løfte blikket og vurdere tendensar i samfunnet som vi har grunn til å tru vil vere viktige for kulturpolitikken framover. Eg ser fram til å lese rapporten, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Prosjektet blei satt i gang hausten 2017, som ein del av kunnskapsgrunnlaget for den komande kulturmeldinga. Målet har vore å avdekkje mogelege trendar og tendensar for kulturbruk og deltaking i kulturlivet, og gi betre innsikt i korleis desse kan kome til å påverke kulturlivet i framtida. Prosjektet har òg tatt sikte på å få fram alternative perspektiv og nye idéar til ein framtidsretta kulturpolitikk.

Ansatte frå Kulturdepartementet lytter til Camilla Tepfers og Bjørn Heineman frå inFuture.
Dei ansatte i Kulturdepartementet fekk eit innblikk i rapporten frå inFuture av Camilla Tepfers og Bjørn Heineman frå inFuture. Foto: KUD/Wenche Nybo

inFuture har kombinert analyse med deltaking frå kultursektoren. Rundt 300 personar med kompetanse på kultur har deltatt på til saman fire framtidssamlingar. Framtidsstudien er eit supplement til innspelsmøta Kulturdepartementet har gjennomført over heile landet, og dei rundt 360 skriftlege innspela departementet har mottatt frå norsk kulturliv.