Historisk arkiv

Kulturdepartementet innfører ny gåveforsterkingsordning på 10 mill.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa har innført ei ny gåveforsterkingsordning som gjeld pengegåver til kunstinnkjøp til nasjonale og regionale kunstmuseum og pengegåver for å setje i stand norske museumsanlegg. Det er sett av ei løyving på 10 mill. kroner til ordninga i 2014.

Regjeringa har innført ei ny gåveforsterkingsordning som gjeld pengegåver til kunstinnkjøp til nasjonale og regionale kunstmuseum og pengegåver for å setje i stand norske museumsanlegg. Det er sett av ei løyving på 10 mill. kroner til ordninga i 2014.

Museum som får ein pengegåve som oppfyller vilkåra i ordninga, kan søkje Kulturdepartementet om gåveforsterking. Den statlege gåveforsterkinga vil vere på 25 prosent. Det vil seie at dersom ordninga blir brukt fullt ut i 2014 vil musea totalt kunne motta 50 mill. kroner; 40 mill. i gåver og 10 mill. i statleg forsterking.

- Vi ynskjer å stimulere til ein auke i private investeringar i kulturlivet. Private midlar og engasjement er eit viktig supplement til offentleg finansiering, seier kulturminister Thorhild Widvey. Vi legg opp til at 2014 vil vere eit prøveår, og vi vil vurdere å justere eller utvide ordninga på grunnlag av dei røynslene vi gjer oss i år.

Det vil vere totalt 72 museum som vil kunne søkje om gåveforsterking i 2014. Desse er Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, musea i det nasjonale museumsnettverket, som mottek støtte over statsbudsjettet, og dei samiske musea som får fast driftsstøtte frå Sametinget.

Kulturdepartementet har utarbeidd retningsliner for ordninga. 

Søknader om gåveforsterking vil bli prioriterte i den rekkefølgja dei blir mottekne.