Historisk arkiv

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2015 til Jan Zahl

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag. Prisvinnar Jan Zahl (46) er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Prisvinnar Jan Zahl får tildelt prisen på 50.000 kroner og eit trykk av kunstnaren Per Kleiva av dagleg leiar i NRK Nynorsk mediesenter og sekretær for juryen Magni Øvrebotten.
Journalist og kommentator Jan Zahl i Stavanger Aftenblad fekk 50.000 kroner og eit trykk av kunstnaren Per Kleiva. Magni Øvrebotten, dagleg leiar i NRK Nynorsk mediesenter og sekretær for juryen, delte ut prisen under Dei nynorske festspela. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

- Med røter på Jæren og språkleg medvit i Stavanger Aftenblad i ryggen, har Zahl skrive seg inn i ein tydeleg nynorsk skrifttradisjon. Kritiske blikk på Oslo-makta med Vestlandet som ståstad, målbore på nynorsk, er ikkje kvardagskost i norske medium, skriv juryen i si grunngjeving.

Prisvinnaren har fartstid frå Dagbladet, Dagsavisen, TV2 og som redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom dei «Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Jan Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Han voks opp på Bryne.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Les heile saka på nettsida til Nynorsk mediesenter