Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Kulturfondet aukar med over 50 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Auken gjer det no mogeleg å satse meir på til dømes kor, scenekunst og arrangørar på det visuelle kunstfeltet.

Auken gjer det no mogeleg å satse meir på til dømes kor, scenekunst og arrangørar på det visuelle kunstfeltet.

- Mykje av inntektene til det frie feltet kjem frå kulturfondet. Og mykje av det som skjer på norske scenar og i norske kulturhus vert produsert nettopp her. Derfor er eit robust kulturfond avgjerande for at det norske kulturlivet skal halde ein høg puls. Når me no oppfyller målet om at ein prosent av dei statlege utgiftene skal gå til kultur, er det derfor heilt naturleg at ein stor del av auken går til Norsk kulturfond, seier kulturminister Hadia Tajik.

Regjeringa foreslår å auke Norsk kulturfond med 54,2 millionar kroner i 2014 til 631,5 millionar kroner i 2014.

Det vil gi auka støtte til mellom anna følgjande formål:

  • 7,4 millionar til allmenne kulturformål, for eksempel 5 millionar til rom for kunst (kulturbygg)
  • 7,2 millionar til visuell kunst, mellom anna til arrangørar på det visuelle kunstfeltet
  • 17,1 millionar til ordningar på musikkområdet, mellom anna til satsing på kor
  • 16,4 millionar til tilskotsordningar innan scenekunst – både teater og dans