Historisk arkiv

Kulturlandskap: Hoddevik - Liset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese omHoddevik - Liset i Sogn og Fjordane.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Hoddevik - Liset i Sogn og Fjordane.

Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Hoddevik - Liset
Sted: Selje kommune, Sogn og Fjordane
Jordbruksregion: Kysten fra Sør-Norge til Nordland
Områdetype: Kystgrender. Gårdslandskap med innmark og kystlynghei
Areal: 45 000 dekar

Kulturlandskap: Hoddevik-Liset i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.
Kulturlandskap: Hoddevik-Liset i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.

Hoddevik-Liset er ein del av Stadlandet, ei høgslette med bratte klipper mot havet, eit irrgrønt lågland og raudbrune kystlyngheier. Vêrhardt klima, topografi og eit omfangsrikt jordbruk har forma eit landskap som har mange fellestrekk med vesterhavsøyene. Folk har busett seg i dalføra med flat dyrkingsjord, eller klora seg fast i bratte bergskår langs med havgapet. Gravfunn viser at det har vore gardsdrift i området sidan eldre jarnalder. I heile området finn ein bygningar, tufter, steingardar, bakkemurar og buvegar som fortel om tidlegare drift og aktivitet.

Kystkulturlandskapet er prega av open beitemark, lyngheier og torvmyrar i gradvis overgang frå heimebøen. Fleire gamle slåttemarker i området er svært artsrike med mange sjeldne og sårbare artar. Hoddevik ligg i eit tydeleg avgrensa dalføre ut mot havet og utgjer ein særprega del av landskapet. Gardane ligg som perler på ei snor langs vegen i den flate dalbotnen. Den breie sandstranda og dei store sanddynene i dalsida er naturlege blikkfang. Dalsidene er oppdelt i steingardar, overflaterydda teiger, fegater og små gardfjøsar.

På nordsida av stranda ligg den karakteristiske naustrekkja. Klyngjetunet på Indre Fure er eit særsyn, med ein lun tunplassering på ein så vêrutsett plass. Frå Indre Fure leier ein smal gangsti til Ytre Fure, der gardane ligg på ei hylle ut mot havet. Det som ikkje er bart fjell er frodig grasmark av gamal slåtte- og beitemark. Oppmurte vegar, steingardar og bakkemurar deler opp kulturlandskapet, og opp i fjellsida ligg tuftene etter gamle løer.

På Drage ligg gardane spreidd ut over den slake strandflata med dyrkingsjord, omkransa av lisider med beitemark og kystlynghei. Gardane i Årdal, Skårbø og Liset utgjer kvar for seg heilskapelege kulturlandskap i skiljet mellom hav og fjell. Områda er rike på tekniske strukturar, tufter og gamle bygningar. Ein finn også artsrike slåtte- og beitemarker.

Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!

Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.