Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturlandskap: Nordherad i Vågå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Nordherad i Vågå i Oppland.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Nordherad i Vågå i Oppland.

Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Nordherad
Sted: Vågå kommune, Oppland
Jordbruksregion: Sør-Norges dal- og fjellbygder
Områdetype: Dalgrend ved Vågåvatnet. Gårdslandskap med innmark, tette gårdstun, beitelandskap i utmark, skog og seterlandskap
Areal: 14 000 dekar

Kulturlandskap: Nordherad  i Vågå kommune i Oppland. Foto: Magnhild Apeland.
Kulturlandskap: Nordherad  i Vågå kommune i Oppland. Foto: Magnhild Apeland.

Nordherad er eit aktivt jordbruksområde på nordsida av Vågåvatnet, vest for Vågåmo sentrum. Det ligg godt synleg frå riksveg 15 som eit bratt, solrikt og ope mosaikklandskap med stor estetisk verdi. Det er 49 landbrukseigedommar i området, og 34 av desse er i sjølvstendig drift . Dei fl este gardane har beitande husdyr. Nordherad har store høgdeforskjellar, og gardsbruka ligg grovt sagt i to "etasjar", den eine langs Vågåvatnet og den andre opp mot utmarka. Mellom desse to nivåa er det bratte lier med beitemark
og skog.

Store, brune tømmerbygningar dominerer landskapsbildet. Samstundes er det er tatt vare på mange mindre uthus med ulike funksjonar frå gamalt - "eldhuset, tørrstugua, smiua" med flere er kjende omgrep i bygda. Bygningane er stort sett samla i tette gardstun. Nordherad har Norges tettaste samling av freda landbruksbygningar, totalt 38 hus fordelt på seks gardstun.

Det ekstremt nedbørfattige klimaet og den næringsrike, kalkholdige berggrunnen gir grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg forekomstane av sjeldne lavartar er unik og er med på å gi området internasjonal status i biologisk samanheng. Det er kartfesta 80 lokalitetar med spesielle naturverdiar, først og fremst ugjødsla beitemark. Til saman 70 raudlisteartar av lav, sopp, planter og dyr er registrert.

Forutan den verdfulle bygningsmassen, har Nordherad mange ulike kulturminne frå forskjellige tidsepokar. Busettinga er svært gammal, og fleire felt med skålgroper i berget fortel om kultverksemd i bronsealderen. Mange små og fraflytta rydningsplassar i utmarka illustrerer store sosiale forskjellar i tidlegare tider. Det er og mange spor etter til dømes gamle vatningssystem og steinbrot.

Sidan 1999 har grunneigarane sjølv drive "Nordheradsprosjektet" for å ta vare på kulturlandskapet og legge til rette for ferdsel og opplevingar. Prosjektet fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen frå Norsk Kulturarv i 2009.

Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!

Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.

Til toppen